Sein ettermiddagstur i
Storåsen.
Etter dagens jernbaneøkt og middag var det klart for Frøya sin "dagens ut på tur"
og da passa det fint å ta ettermiddags/kvelds kaffien ute i skogen sidan det no er vorte lange lyse kveldar :-)
Turen gjekk over på andre sida, nærmare bestemt til Storåsen.
Storåsen er eit svært fint turområde som me ser bort til frå stova.
På første bilde er me komme i skogen --
-- og me likar oss best utenfor vegar/stiar i området.
Eit lite PS til Dykk som undrast om bandtvang --
jau, har langline på Frøya no slik at ho kan bevege seg noko i bandet :-)
Frøya var heldig og fant snø, er oppvaksen med det --- :-)
Myrer er det mange av og i kveld var dei svært gode å gå på,
ca 5 - 10 cm frostfritt lag øverst og så beinfrose under.
Er komme til tjørna på Håmyrane som fortsatt er dekka av is.
Denne plassen fant me første våren Frøya var hjå oss,
fint å nyta kaffien her -- 
--- i alle fall når sola viste seg fram :-)
Dagens ettermiddagskaffi med tilbehør.
Frøya er ein svært aktiv ( og glad ) krabat
men ho har den egenskapen at når det er kaffipause og ho har fått sine kjeks
så er det nytelse av tida fram til at eigaren vert ferdig med kaffikoppen sin --- :-)
Ferske tyttebær fant eg også,
dvs. dei hadde nok overvintra pga mangel på bærplukkarar.
Jau, eit bær vart smaka på og kort fortalt så var det ikkje mykje smak i desse bæra no sjølv om dei var fine å sjå på ---.
Er komme ned at til Skjedikane,
Skjedikane vert også kalla Brochmannsgarden eller Kvitheim.
På denne linken kan De lesa meir om denne garden
Fra Skjedikane er det fin utsikt heim at til stova vår og nabolaget
|