Isfisketur i høgfjellet.
Strålande vær og med det så må fridagslivet nytast.
Var ikkje vanskeleg å lokka fiskekameraten med på tur i dag etter ei tlf.meld på morgonen
sjølv om han sikkert skulle gjort noko anna ---.
Bilen er parkert i fjellheimen
og det var eit skiføre som nestnen er vanskeleg å beskrive -- ?? --.
Jau, når smørefrie ski glir framover "nesten" av seg sjølv i motbakken så våger eg påstanden at det kan ikkje verta berte.
Her ser De litt korleis føret var,
skispora som er under og framfor Frøya er fra denne dagen,
skispora til venstre er fra dagen før så det vert ikkje mykje blautare føre seinare på dagen heller.
Me nærmer oss vatnet vårt -- er fint :-)
Isboren er montert ---
--- og her er det hol gjennom isen, ca 1.60 - 1.70 meter å bora.
Litt snø oppå isen, eit islag så eit lag med sørpe som ikkje var så djupt og så jamn is nedover,
dvs, her er god is lenge i år.
To glade isfiskarar samt ei bikkje nyt fjelllivet, litt vindtrekk ( pr definisjon omtrent som kjøkkenventilatoren på trinn 1 )
i lufta når dette bildet vart tatt med sjølvutløysar
Så vart det blikk stille i sola og da måtte det verta bilde av to glade isfiskarar
som fekk tilført mykje gode solvitaminer i kroppen, jau da, solkrem vart nytta ---- :-) 
Den andre glade isfiskaren i sola :-)
Om det er fisk under isen som bit på agnet vårt ?
Ja ---- :-)
Dagens fangst
og her lyt eg skunda meg å skriva at det var fiskekameraten som fekk alle tre fiskane,
underteikna hadde ikkje eit napp ----.
Eit bilde av sola på tilbaketuren,
var ein liten skydott framfor sola her og det var ein av dei få skydottane me såg denne dagen.
Til fjellet: Takk for oss --- kjem sikkert tilbake :-)
|