Ut på tur.
Værmeldingane fortalde at været skulle verta nesten som i går, dvs grått med noko regn.
Skyene / skodda låg langt ned her ved heimen så vart det brukt lang tid på lokalavisa og datamaskina på morgonen.
Men ny-moderne informasjonskanaler er kjekt å finna fram til
når eg kom til webkamera fra statens vegvesen i Hola ( like før svingane opp på Vikafjellet )
under morgonstunda på datamaskina fortalde dette webkamerabildet at det var rimeleg bra vær i området nord for Myrkdalen
og med det vart det brå-bestemt at det vart skitur :-)
På første bildet er me komme litt oppover fra Årmot
( me parkerte som på turane tidlegare i vinter i samme område ved Helgatun ) ,
skiløypa som var oppkjørt for ei stund sidan var svært fin å gå i :-)
Tilbakeblikk mot fjellandsbyen / skianlegget i Myrkdalen
Stølen Revhaugen
Sola viste seg delvis fram under det meste av dagens tur.
Me er komme litt over Revhaugen og utenfor oppkjørt løype ---
--- tilbakeblikk fra samme plass som bildet over er tatt.
Kort fortalt så syntes eg synd på Frøya i dag,
med normal gange seig ho ned til litt over knea i blaut /tung snø
og når det vart prøve på å springa så var det magen som stoppa for djupare spor i den tunge snøen ---.
Utsikt inn til stølen Reppane --
-- og nærbilde av stølen.
To glade nyt det vame været når nista skal nytast.
Kort fortalt blikkstille og mange varmegrader :-)
Utsikt fra niste, dvs lunsj, plassen vår ---
-- og maten var god
( var ei brødskive med brunost også i tillegg til kjeks som Frøya kan nyta ).
Siste bildet i dag viser at det er vår i lufta.
Stølsflua har vakna fra vinterdvalen og når det var smuler fra kjekspakka å finna så var det ikkje vanskeleg å få bilde av ho :-)
|