Helgetur til Flåm med Sniglehuset.
Jau da--- er sikkert fleire som undrast no når eg reiser til Flåm på fritida også
men eg lyt vera so ærleg å skriva at det er fint der nede.
Med Sniglehuset så treng me ikkje alltid reisa så langt for å få ei fin helg
og kort fortalt så er det kjekt å vera turist ikkje langt fra arbeidsplassen "for å sjå litt fra andre sida" :-)
Sniglehuset parkert og me er klar for å vera turistar i Flåmsdalen.
Togtur til Berekvam og den blide konduktøren hadde tid å smila litt til turistane før det vart avgang :-)
Toget med mange turistar fortset oppover den fine Flåmsdalen ---
--- medan me byrjar på spaserturen ned at til Flåm.
Og det første vegskiltet me møter på er dette ---
-- jau, me møtte 4 bilar og 1 bil kom ned at på vegen vår mellom Berekvam og gardane Flåm sjølv om me ikkje var syklistar :-)
Kåno og Frøya nyt livet langs landevegen.
Tunshelle med Styvissete nærmast til venstre i bildet
Eit sikkert vårteikn i Flåmsdalen er når Rødsildra kjem fram
på plassar der me normalt trur at det ikkje er noko som kan veksa.
Kvilebenk langs vegen som dei kvilande ikkje treng vera redde for at nokon står like bak ryggen på dei :-)
Utsikt over Dalsbotn med garden Holo oppe til høgre fra Høgabru
Alle som har reist med Flåmsbanen har kanhenda fått med seg at jernbanen krysser elva fleire ganger
men at det er ikkje bruer over elva.
Ingeniørane som konstruerte Flåmsbanen la elva i tunell under jernbanen i staden for bru
og her kjem elva ut at fra tunellen i Høga
Rjoandefossen med sitt frie fall på 140 meter fra ein anna vinkel enn det eg er vant med å sjå.
Me har passert Bjønnøyane og nærmer oss Leina ---
-- eil tilbakeblikk i gjelet her der me ser litt av fundamenta etter røyrgata til kraftstasjonen litt lenger nede
Arbeid med den gamle kyrkja i Flåm som vart bygd her i år 1670.
Skal vera forsiktig med kva eg skriv her no
men meiner at eg har lest ein plass at dei skal heva kyrkja etter storflaumen som var for ca 1.5 år sidan.
Ut fra det me såg så ser det ut til å vera heverb. dei driv med no.
Flåmsbanen på veg oppover dalen, her ved Håreina.
Ei fin gammal stove ved Steinshølen ( mellom Lunden og Håreina ) .
Dette er gamle skulestova som vart bygd her i 1862 og vart nytta som lagshus og skulehus fram til 1923.
I seinare tid har husmorlaget nytta huset som vevstove
og når me kikka inn glaset så er nok det siste aktivitetane som har vore i huset.
Om dei er aktive no også veit eg ikkje.
Takk for god info fra Jon og jento hans :-)
Kveld i Flåm.
Ein kjekk konduktør skulle nyta livet åleine i overnattingsboligen der nede, ser me bort fra han som går att i huset da ---- ?? --- :-)
Kort fortalt vart det ein kjekk kveld i Sniglehuset der Frøya fekk seg ein ny glad kamerat :-)
Kveldsbilde av Sniglehuset.
Ny dag og etter frokost vart det spasertur i nærområdet,
først utsikt mot Lunden ---
-- og utsikt utover fjorden mot Aurland.
Stasjonsområdet i Flåm
Frøya fant ein ny kamerat --- men fant fort ut at det var ikkje mykje liv i denne --- :-)
Avsluttar bildeserien fra denne fine helgeturen med bilde av ein bærepose
( jau da er sikkert reklame dette men me anbefaler å ta turen innom butikken der smil og godt humør er høgt oppe :-) ) --.
Kåno var første kunde i ny-opna butikk i Flåm i dag
og da fekk me ein FIN bærepose som er teikna av Frode Øverli med på kjøpet :-)
|