Ettermiddagstur for å lufte bikkja.
Første delen av dagen gjekk fort med bla sniglehuset som skulle til "doktaren" og ymse anna,
men det fine været måte nytast så da vart det ut på skitur :-)
På første bildet er me endeleg på tur,
bilen er parkert mellom Tveiti og Hildestveiti og litt bak i bildet her ser De litt av hytter/sèl på Fennastølane.
Tre bilder av Fennastølane.
--
---
Er ikkje så lett å ta bilde av vinden
men med gode auger her så ser De at det er noko snøføyke oppe i toppane, ser noko surt ut ----.
Frøya nyt livet ute i snøen --- trur dette må vera det nærmaste ho er nytelsen i vatn ---- :-)
Løype var det vidare oppover over stølane også sjølv om vinden hadde sletta ut spora litt.
Fint her i Fossadalen --- var svært fint å skri ned at her i alle fall :-)
Som De kanhenda ser så driv snøen å flytter på seg her oppe,
men prøver å gå litt til :-)
Står nokså einsamt denne grana her oppe -- i alle fall på denne årstida.
Litt ujamt skiføre men støtt å godt å gå på :-)
Er komme på toppen av Byrseteggi, 1025 m.o.h.
Rakk nett nokre bilder i fleire himmelretningar før fingrane fraus, først mot Horndalsnuten.
Så retning sør/vest med Skamdalshorgi omtrent midt i bildet
Retning sør-sør/øst, Øvre Granvin nede i "hola" der De ser skogen
Retning nord/vest med Lønahorgi i bakgrunnen
Mot sola som her er i sør/vest med snøføyke på linsa--.
Var vindstille da me kom ned at til bilen,
og etter eit par hundre meter med kjøring mot heimen
måtte det verta bilde av solnedgangen som avslutning på turen, kl er ca kl. 17.54.
|