Dagens luftetur for Frøya vart mellom
Ospehaugen og Fyrjo.
Værmeldingane var ikkje dei beste men med håp om at værfolka bomma så vart det tur.
Diverre fekk ( som De vil sjå nedover her ) værfolka rett,
men er me komme ut på tur så er det ok å få lufte seg litt sidan me ikkje var i høgfjellet.
Byrjar ved Opspehaugen
Fin veg/ løype innover så lenge me var i skogen
Litt av stølshusa på Furteset
Ved Gudmundsset
Er nesten komme inn til der vegen tar av til Remlo, da byrja været å verta ufysleg ----.
Da er me komme til stølen Fyrjo og her er dei første stølshusa.
Var skikkeleg flatt lys innover her samtidig så snøskutervegen var delvis borte i foksnøen
men Frøya fylgde vegen fint så det var berre å fylgja ho.
Da har eg lært noko nytt om korleis det er å ha hund med seg når det er vanskeleg å sjå spor/ konturer i terrenget --
--- ein ny positiv opplevelse :-)
Og her er meir av stølen Fyrjo --- som De ser så var det ikkje den gode utsikta over stølsgrenda i dag.
Me stoppa under ein snøskavel bak eit sèl/hytte der det var litt ly for vinden sjølv om foksnøen la seg ned på oss.
Måtte nett verta ein hurtig Kvikk Lunsj og ein liten halv kaffikopp før me snudde ned at
og da kom spørsmålet fra Frøya:
"Kan eg også få ein liten hurtig Kvikk Lunsj bit i dag sidan været er som det er -- ?? "
Skal ikkje skriva kva svar ho fekk --- men me vart fornøygde begge to ---- :-)
Avsluttar med eit hyttebilde og som De ser så står hytta i skogen godt den :-)
|