Snøtur i dag også,
Veit kva garasjetaket til beltehesten ( lett garasje ) toler men vil ikkje provosere
så da er det godt å få snøen av når snøen fortsatt laver ned.
Og så er det viktig å halde skogsvegen vedlike,
underlaget er svært bra så ein tur med jamne mellomrom no hjelper svært godt :-)
Nokre bilder og
på første bildet ser De kor mykje snø som er komme i skogsvegen sidan eg var opp der i går,
mellom 35 og 40 cm med tørr nysnø siste døger -- og Frøya rister oppgitt på hodet ---- :-)
Kunne tru at dei 35 - 40 cm ville utgjera mer på målestaven,
men snøen sig godt saman når det vert så mykje som no
samtidig så eg trur at det tiner fra undersida også på myra der snømålestaven står.
Var berre 20 cm meir i dag enn i går, 1.64 meter i dag ca 610 m.o.h.
Og så skal De få lov å lè litt til siste bildet i dag :-)
Dårleg sikt ( snøblindt sjølv med gulfarga briller ) gjorde at eg ikkje såg kvar vegen var alle plassar
og med det --- ja da --- heilt rett ---
her stod eg godt sjølv om eg kom meg ein god meter tilbake i all laussnøen----.
Trøsta er at spaden tilfører kroppen god trimm da ---- :-)
Snøa gjør det no også så da vert det sikkert meir slike bilder ----.
|