Veskogen.
Nyt livet i vedskogen fortsatt, dvs kjenner at det er byrja å verta hærverk på kroppen no.
Trøsta får væra at kroppen mest truleg har godt av å røra litt å seg
og når eg ikkje veit kva effektivitet er så er det nytelse av fritida dette :-)
Litt bilder frå i går og i dag
og byrjar med rimeleg ferske spor litt over markagarden i går --- her var det mykje gode lukter for Frøya.
Er nok ein med rimeleg godt marktrykk som har gått her,
bildet er tatt i beltehestvegen der både eg og Frøya går uten at det vert spor etter oss ----.
Var snøvær i går også
og eg veit no svært godt korleis nista med brunost og fårepølse smakar når den er lett krydra med fersk kramsnø ----.
Værmeldingane fra Yr og Storm var å stola på i dag så dersom det vert som dei lovar vidare framover vert det mange fine dagar :-)
Me er komme til snømålestaven i dag og konstaterer 1.27 meter med snø ca 610 m.o.h.
Skodda var i området i dag,
av og til var me over og andre tider skygga skodda litt for sola. 
Dagens "skogteig" er måka fram og motorsaga skal snart starta.
vart 3 gode lass av dei bjørkene De ser på bildet her ( dei minste buskene skal få stå nokon år til ) .
Både Frøya og eg var heilt einige om at det var fint å eta nista i sola her i dag :-)
Eit par utsiktbilde no når det vart fin vinterstemning i sola,
først til stølen Turtene med Høgafjellet til venstre.
Ser fint ut opp på Såta no men trur det er ein del laus snø å vassa i for å komma opp der. Er me heldige no at kramsnøen som kom fram til i går frys til skikkeleg hard skare
og så dei siste nokre cm med tørr snø som kom i natt opp kramsnøen så kan det verta svært gode skiforhold i fjellheimen :-)
Jau, eg skjemmer sikkert Frøya bort --- .
Ho er heldig på tur to og tre oppover brattebakkane fra tunet ( for å henta nye lass ) at ho får vera reservekjører på beltehesten,
noko ho likar svært godt --
-- men eg er rimeleg sikker på at ho får nok trim dei dagane me er i skogen sjølv om ho sit på beltehesten litt innimellom :-)
Beltehesten er parkert, sola er borte mellom skyene bak Lønahorgi,
og me satser no på nye fine dagar her oppe :-) 
|