Tur i vedskogen.
Regn heime men fint snøvær oppe i skogen
så det var fint å vera ute.
Har snøa litt sidan lørdag eg var opp men det er tung snø som er komme så den sig godt saman no,
1.21 meter med snø ca 610 m.o.h i dag.
Noko spadearb for å komma ned til bjørkerota --
-- og når fotoapparatet kjem fram kjem Frøya også , likar seg som fotomodell :-)
Er fleire som undrast på korleis det er å ha ein aktiv og glad Flat coated retriever med seg i skogen.
Det går svært fint.
Har ein bite tjukt teppe med og når motorsaga starter så set/ legg ho seg ned på den
og er da utenfor fallsone for bjørketrea og ellers andre farer :-)
Siste lasset ( nr 2 ) i dag var rikeleg tungt i kramsnøen.
Kom heim på tunet med det også uten feilskjær,
men håper på frost til neste tur så vert vegane mine svært gode --- :-)
|