Snøen har lava ned på Strondæ og var komme rikeleg med nysnø der oppe sidan søndag -- snøa i dag også ---.
Byrjar nede på tunet, go-bilen kom opp her utan problem
og belehesten er komme ut fra garasjen --- så da vert det spennande å sjå korleis det vert vidare.

Første 30 - 40 høgdemeter oppover gjekk fint men så vart snøen noko lausare.
Vart fram nokon meter, så tilbake for å få ny fart og så framover -- osv. osv for å komma seg opp.
Og så , ja da --- DE lyt få lè litt i vinter også --- , stod eg her.

Var ikkje så galt der eg stod på bildet over her så eg kom til snømålestaven med kun små utfordringer.
Er 1.31 meter med snø no ca 610 m.o.h..

Litt fram og tilbake så gjekk det fint vidare oppover også :-)

Så havna eg å beltehesten utenfor vegen fra søndag --- og her stod me godt.
Kan ikkje skulda så mykje anna enn rikeleg med laus snø og at eg var for lett på oppsida av beltehesten
for at eg skulle få den til å gå slik eg ville når det var litt skrått terreng ---
( ein del meir snø her enn nede ved målestaven ).
Så det vart eit par spadeøkter før eg kom meg heim at ---.
Dersom alt vert som planlagt ( og værgudane er på mi side slik dei har meldt )
så vert motorsaga med på neste tur sidan eg har etter forholda god veg no -- :-)
