Lørdag
og ettermiddagreserve ( bakvakt ) på stasjonen.
Måtte ta turen på Strondæ på føremiddagen for å sjå kva stormen Tor hadde gjort der oppe i går.
Kort fortalt hadde han Tor stellt fint med våre ting der oppe
så da vart det tur i lia med beltehesten for å halda skogsvegen inntakt.
Kort fortalt svært fin nysnø å kjøra beltehest i,
mellom 10 og 50 cm fokksnø å kjøra i og ingen vanskar å komma fram denne dagen --
--- trur det kan verta verre neste tur ut fra korleis det snøa no men har eit betre grunnlag trur eg ----.
På første bilde er eg komme opp eit stykke og stormen Tor har sletta terrenget godt :-)
Ved snømålestaven, var 77 cm med snø ca 610 m.o.h denne ettermiddagen
Var ikkje mykje utsikt på myra her , kort fortalt skikkeleg snøvær ---.
Hadde gode planar om ein roleg ettermiddag på stasjonen som reservevakt ( bakvakt ),
diverre var ikkje alt "A4" på banen denne ettermiddagen og det vart ut på tur for reservevakten.
Naturen klarar me ikkje alltid å styra og denne gangen var det mangel på kjørestrøm til lokomotiva mellom
Myrdal og Hallingskeid.
Da er det kjekt å ha diesellokomotiv i beredskap og sjølv om det vart noko forsinkelser så kom våre reisande seg fram.
Her lyt eg ta med at våre reisande ( i alle fall dei underteikna prata med ) var godt fornøygde :-)
Personalet i toget er flinke med informasjon og da ordne alt seg
sjølv om klokka ikkje alltid samsvarar med det den skulle under turen :-)
Dersom De undrast på korleis det er å sitta på eit lokomotiv som mangler kjørestrøm og verta dratt av eit diesellokomotiv
så ser De det på bildet under --- :-)
Me er komme til Hallingskeid og "dieselen" har gjort eit godt arbeid for oss :-)
Tog 602 på Finse.
Turen til underteikna gjekk til Tunga og så retur med tog 63.
Dette toget fekk eit so passa langt opphald på Finse i snøværet at det vart tid til både bilde og lørdagskveldsmat for underteikna
før turen gjekk vidare til Vossevangen og heim at i stova -- :-)
( "dieselen" hjelpte til mellom Hallingskeid og Myrdal på returen også )
|