Skitur Årmot - Reppane
i dag som avslutning på langfrihelga mi som har vart ei og veke
( jau, har hatt ein feriedag og litt anna fri også ).
Vart samme turen no som for ei stund sidan,
veit at her er godt skiføre så da får det våga seg om det vart på samme plassen som sist--
-- Frøya er vorte kjent i området no :-)
Været var langt fra fristande å gå ut i heime på morgonen,
avreise vart utsett ei stund og så fekk optimisten ang været rett --- .
Kort fortalt vindstille, opphaldsvær , fleire varmegrader og fint å gå opp til Revhaugen,
fra Revhaugen til Reppane var det ikkje skispor så der var det noko tyngre å gå.
På første bildet er me komme ut i løypa og Frøya nyt livet :-)
Litt vatn enkelte plassar i løypa noko Frøya likte svært godt.
Utsikt nedover Myrkdalen
Utsikt til Vetlebotn
Like under sèla ( stølshusa ) i Revhaugen og Frøya fant vatn at :-)
Revhaugen ( er mange fleire sèl her )
Eg veit det er stygt å lè når eg ser slike holespor i snøen
men det fortel ein del om korleis skiføret var --- litt ujamt og fort å bryta nedi litt meir enn planlagt ---.
Var ikkje andre spor enn dei me laga sjølve her -- litt snøblindt var det her også.
Tilbakeblikk og De ser korleis spora etter oss vart i kramsnøen.
Eg brukte skistaven som mål på eit av spora til Frøya ( og brukte meterstokk på staven når me kom til bilen at )
og på det jamne så sei ho ned 16 - 17 cm ved normal gange -- vart det springing så tok brystkassa/magen nedi ---.
Stølen Reppane.
Turens endestopp ---
--- fint å sitta her å nyta dagens lunsj og eit par koppar god kaffi :-)
Dersom De studere bildet her litt så ser De at elva er open og bra med vatn var det.
|