Årets første skitur
gjekk fra Årmot i Myrkdalen ( parkerte ved Helgatun ) til stølen Reppane.
Dagen vart ikkje slik som planlagt på morgonkvisten i dag
og etter eit par timar venting heime vart det brå-bestemt at no prøver eg på skitur at
sidan det vart bommtur i går.
Kort fortalt mykje finare skiføre enn eg trudde etter opplevelsen i går --- :-)
Var fint vær på morgonen
og det såg svært fint ut her i Myrkdalen når eg kom så langt sjølv om skyene var byrja å visa seg i nord.
Me er komme utafor lysløypa i Årmotslia og da fekk Frøya gå som ho ville,
jau -- ser ut som ho nyt livet i snøen her ---- :-)
Utsikt tilbake til fjellandsbyen og skianlegget i Myrkdalen
Fin oppkjørt løype oppover lia, nærmare bestemt litt forbi stølen Revhaugen.
Stølen Revhaugen
De har sikkert observert at eg er vorte totalt hundegal og da vert det sjølvsagt mykje bilder av min gode turkamerat
som på bildet her NYT det frie livet :-)
Sol på Bjørndalskamben men mørke skyer over den
To bilder som viser korleis skiføret var utenfor oppkjørte løyper.
Ikkje verst dette ---
--- eller dette som viser kor mykje løs snø det er på det meste det vinden ikkje har fått godt tak.
Stølen Reppane ---
--- og når gjerdestaurane viser for det meste her på stølen så er det ikkje så mykje snø enno.
Reppane vart endepunktet for turen vår --
nett passeleg luftetur å gå opp her og nyta kaffi og kjekspakka :-)
Utsikt frå kjekslunsjplassen vår.
Avsluttar med det som eg vart mest overraska over i dag.
Lurte på kva lyd eg høyrte når eg hadde sett meg godt ned og fått kaffi i koppen.
Det dropla fra taket ---
--- og når det var ca 8 - 9 kuldegrader heime og sikkert ikkje så mykje minder her oppe på morgonen
så varmer nok sola godt sjølv om me berre er komme til 12 januar.
( var nesten skyfri himmel heile føremiddagen her oppe )
|