Litt bilder fra sesongens siste dager i vedskogen.
Været var litt ymse ei stund og da vart det pause fra skogen og med det vart det oppkjøring av vegen min att før motorsaga vart med.
25 februar var dagen snømålestaven viste mest snø så langt denne sesongen, 1.70 meter ca 615 m.o.h..
Vart litt fram å tilbake for å komma fram men gjekk bra i denne brattbakken også til slutt.
Ved høgste pkt på vegen min ca 673 m.o.h, noko meir snø her -- 1.92 meter er nok synest eg når eg har årets hogst plass like under her ---.
Og så lyt De få le litt dette året også -- --- var ei hole under snøen eg ikkje såg her så da måtte spaden brukast for å komma meg heim att ---.
Ein dag med motorsaga og som De ser er det noko spadearbeid for å komma ned til bjørkerota.
Frøya nyt livet på teppet sitt når motorsaga går -- og teppet er sjølvsagt utenfor fallsonen for trea.
Utsikt fra hogstplassen.
Vart to gode lass ( slik som dette på bildet ) med heim denne dagen
Ny dag med strålande sol og konklusjonen var at dette var sesongens siste dag i vedskogen. Og første bilde her fortel at konsulent Frøya er klar for tur i lia.
Snøen har sige noko saman no, berre 1.44 meter ved målestaven 9 mars.
Her var både konsulent Frøya og eg einige om at her var det fiint å nyta niste og kaffi.
Sesongens siste vedlass klar for transport.
Og så måtte det sjølvsagt verta ekstra kaffipause på "dagenssistekaffipauseplass" for å nyta finværet når sesongens siste vedlass skulle heim.
|