Pensjonisten nyt livet i Vedskogen når været tillet det.
Som skrive til siste bildet på linken fra 24 januar så venta me på meir snø da -- -- og no er det komme RIKELEG ---.
Men byrja med bilde fra ein fin ettermiddag 28 januar på siste kaffipauseplassen vår ( Frøya å min plass ) , var tilløp til sol og da måtte det nytast.
4 februar. Underteikna er født optimist men når eg å Frøya kom på tunet på Strondæ denne dagen kom det ei go snøbyge -----
--- saman med rikeleg god vind , gjerne ikkje så lett å sjå på bildet under, men da snudde me heim att uten å ta turen i skogen -- skal vera kjekt å vera ute ---.
Lørdag 5 februar og det er komme ein del nysnø. Vart tur på Strondæ for å kjøra oppatt skogesvegen min og byrjar med vinterstemning før me ( Frøya og meg ) kjem opp på tunet
Ved snømålestaven ca 615 m.o.h lørdag 5 februar var det 96 cm med snø ca kl 14 og det snøa fortsatt.
Vinterstemning i lia.
Frøya slit i den løse snøen så det vert litt ekstra stopp slik at ho får pusta på litt -- er vorte ei gammal dame på noko over 8 år no..
I dag, mandag 7 februar, vart det ny tur sidan været var meldt bra. Komme rikeleg med nysnø sidan lørdag, målestaven viser 1.16 meter no ca 615 moh. Målte ikkje kor mykje nysnø som var komme sidan lørdag. Trur ikkje eg lyg mykje når eg skriv det var komme meir enn 40 cm nysnø, den gamle snø sig saman med mykje nysnø oppå.
Her hadde eg fin veg på lørdag, viste ikkje mykje at av det no ---.
Brukte 2meterstokken på høgste pkt av vegen min som er like over der motorsaga vet brukt i år, konstaterte 1.32 meter med snø her ca 670 m.o.h.
No var tida komme for at eg brukar spaden for å komma ned til bjørkerota før motorsaga kan brukast, meiner det er to år sidan sist eg måtte det.
Fekk på eit godt lass i dag også ----
--- men var ikkje lenge etter transport byrja før det vart konstatert at lasset ikkje likte den løse snøvegen min ---.
Vinsj er kjekt å ha på atvèn og når det var eit tre like ved vegen og ei kasteblokk ( trinse ) kunne brukast saman med vinsj var det ei enkel sak å få lasset "på rett kjøl" att.
Men nokon meter etter første velt var det ei hole som lasset ikkje likte. Er fortsatt mykje vatn i myrane og her var det undervatn som eg ikkje såg hadde arbeida godt siste dager og da vart det ny velt ----.
Jau da, eg er født optimist og alt lyt prøvast. Sjølv om vart noko ekstra arbeid denne dag så er konklusjonen at når det vart tilløp til sol ei lita stund så var det ein fiin dag i vedskogen :-)
|