Litt ymse fra siste tida.
Dagane går fort, datamaskina vert diverre ikkje prioritert, men her kjem eit samandrag fra november og litt i desember.
Byrjar med bilder fra tre turer til Hanselavatnet for å bruke rusa for å få opp litt småfisk. Første turen her var 4 november og som De ser var det FINT høstvær denne dagen.
---
---
Vart nokon fiskar også, 16 stk denne dagen.
Ny tur 12 november.
---
Vart 8 fisker denne dagen
Ny tur i fint vær 21 november.
---
---
---
---
Berre ein fisk denne dagen ----
--- så da vart dette siste tur ut der dette året --- dersom det ikkje vert skiføre før jul. Til Hanslibu er det berre å sei: Takk for eit fint år -- kjem att neste år !
Så har det vorte litt slakting. Junior og svigerdatter har ullgriser og slik me har skjønna liker ikkje slaktehuset å få inn slike når dei er voksne. Jau, er store dyr med pels og svært mykje feitt under skinnet. Pelsen er det mykje arbeid med for å få av så da vert det til at me flår desse. Ikkje lett å skjera fint i tjukt spekklag ( dei lever godt ) men me fekk det til ---. Og dersom De undrast på kva dette spekk vert brukt til så går det nok i noko korv med tid og stunder og småfuglane lever godt dei også.
Og sidan me var godt i gang med desse grisene vart det slakting av ein liten også.
På strondæ vart markagarden lagt ned i år også så no kan vinteren komma der oppe.
---
Lørdags føremiddager har det vore fine turer i skogen saman med jaktlaget, har vore rolege turer i år ----.
---
Vart ein dag med beltevedlikehald på 4.hjulingen også etter ei belteavsporing tidlegare i høst, så no satsa me på ein vinter uten utfordringer med utstyret.
Eit par turer på strondæ for å sjå om snøforholda.
Med litt over 20 cm snø ved målestaven ca 615 m.o.h vart det litt pakking av snø i dei brattaste å mest ulendte partia der eg har vinterskogsvegen min. Ut fra erfaring er tidleg grunnarbeid noko eg har att for utover vinteren.
---
-----
Ørna er på plass i år også og passer på oss.
Ut på tur i nærområdet vert det også ----
--- og enkelte dager er morgonlyset som bildet under viser.
|