Jakt, fiske og Tromsøtur i slutt september og oktober mnd.
Litt bilder fra siste tida --- jau, dagane går fort. Byrjar med nokre bilder fra jaktturer etter elg / hjort saman med jaktlaget der lørdag føremidddagane vert brukt i skogen.
----
---
Ein tur i skogen på Strondæ for å rydda litt veg for å komma fram til fine bjørker til vinteren, jau, no vert det fint å komma fram til desse.
Men so skjedde det som ikkje skulle skje på heimturen, eit belte spora av på atv og da var det berre å parkere ----
--- og ta spaserturen opp att dagen etter med jekk og verktøy ----
--- og etter ei lita stund arbeid så kom atv med heim at fra skogen :-)
So har me ( Frøya og eg ) vore ut i Hanseladalen for å få opp litt fisk fra vatnet der det er alt for mykje fisk, dvs størrelsen på fisken er liten. Skulle vore fiska mykje meir der ute men trøsta mi er at alt hjelper, og på denne årstida når fisken går opp i grøvene ( små elver ) for å gyta så er ruse ein fin måte å få opp litt fisk.
Har vore ut 3 turer og bilder er blanding fra desse turane og byrjar med bilde fra Veskre eine gangen.
Frøya slit ikkje opp Svinakleive.
Tilbakeblikk mot stølen Veskre
Høststemning på heimsta Hanselaleitet
Vår faste fotoplass med utsikt over Hanselavatnet
Går stille ned til groa og set rusa ut med opning oppover ----
--- og så går eg oppover eit stykke og vasser ned att mot rusa -- og Frøya hjelper til.
Eit rusebilde til, var mykje vatn i groa denne dagen
Bilder av fangst to av dagane, dvs dei dager eg fekk mest fisk.
----
Og i teori når me slepp at mykje rogn og mjølke kjem ut der det skal så påstår eg at fangsten er mykje meir enn det de ser på bilder over.
Og så vert det kaffi og nistepause ved Hanslibu på turane
-----
Har vore heldig med været på turane men fekk eit lite forvarsel på kva årstid me har i vente eine dagen når eg fekk det kvite på meg ---
-- men siste turen eg hadde var været slik på Veskre på heimturen
Og så har me vore ei lita veke i Tromsø hjå datter med familie. Kort skrive fine dagar med bursdagfeiring til eit barnebarn, ein kveld med god mat og tur på kjøpesenter osv.
----
Vart tidlegare mørkt i nord enn her heime, dei to neste bilder er tatt i ca 17.30 tida fra terrassen deira 22 oktober i rimeleg fint vær med måneskin
---
Spasertur ein dag og utsikt nordover der det var finaste vær den dagen, trur det er Ringvassøya me ser lengst bak i bildet
Utsikt sørover mot Tromsøbrua
So hadde me ein kveld der eit vennepar til vår datter m/familie kom på besøk. Jau, var litt planlagt dette, ytrefiletane fra den vesle hjortekolla De ser på siste bildet var med nordover sidan guten som kom på besøk var kokk. Kort skrive eit fantastisk måltid og underteikna lærte mykje om tilberedelse av hjortekjøt. Og dersom De synest at dette var eit lite måltid så var det rikeleg å fylle på med ---- :-)
Og når eg er i Tromsø lyt det sjølvsagt verta ein liten tur inn på denne kulturplassen som dei to neste bilder er fra :-)
----
Eit finværbilde fra terrassen til vår datter også, diverre såg me ikkje nordlys denne gangen.
Heimtur og morgonbilde mot Kvaløya fra flyplassen.
Takk for denne gang med utsikt ned mot bla Tromsøbrua.
Og så avslutter eg denne bildeserien med den vesle hjortekolla eg fekk med meg heim fra Strondæ. Så i teori kan eg sei eg er ferdig med jakta i år sidan eg har fått hjort på begge plassane eg jakter. Men so kan eg få med meg ein kalv på løyvet på eine plassen og jakte meir på neste plass også no ei stund ut i jakta så da får me sjå kva seinhøstdagane bringer -----.
|