Datamaskina vert lite prioritert ( skuldar på travel kvardag ) men no er det ein del bilder fra siste månaden nedover her.
Byrjar med bubiltur til Ulvik 13 - 15 august.
Kveldstemning i Ulvik
Siderruta vart lørdagsturen denne helga.
Tilbakeblikk mot Ulvik sentrum
So var tanken å nyta litt godt på denne fine uteplassen på toppen av ruta, diverre var det ei sur regnbyge da ----
--- så me gjekk ned att på campingplassen for å nyta det gode når regnsbyga var over :-)
Lørdag 21 august. Fint vær og etter gjøremål heime denne føremiddag vart det fin fjelltur. Kjørte innover Fresvikjordalen og so spasertur der fiskestanga også var med. Bikkja som De ser i band her er junior si.
To gode venner
Tilbakeblikk.
So er me komme opp til vatnet som var dagens mål for å nyta kaffi og medbrakt kaffimat.
----
Fisken var bitevillig denne dagen.
Tida går fort og som De ser på bildet under her er det tatt 22.08.1981 ----
--- og sjølv om bildet under her er tatt ein dag før det var 40 års jubileum så trur eg ikkje me forandra oss so mykje på ein dag ---. Som De skjønnar, det var ein fin måte å byrja feiringa på denne dagen :-)
26 august. Fint vær og da vart det tur på Vikafjellet nord-øst saman med fiskestanga og ein fiskekamerat , lyt jo visa han kor fint det er i området ---.
Kort skrive --- FINT.
Vart ein fisk denne dagen ----
--- og årsaka til me ikkje fekk meir fiske skuldar me på det fine været ----
--- og heilt blankt vatn ( lyt jo ha noko å skulde på ) .
Takk for turen.
27 - 28 august. Helga vart ikkje som først planlagt så da vart det tur til Hanslibu for å nyta det fine været. Og som De ser her, haustfargane er byrja å visa seg fram i slutten av august.
Klager ikkje her ---
----.
Fint vær med lite bølger og da vart det fin ro-tur rundt vatnet.
Kvelden nærma seg ---
--- og det er snart siste solstråler for dagen.
Kveldsfiske pleier vera bra her ----
--- og nokre fisker vart det.
12 september. Ettermiddagstur til Tinden saman med to kjekke ungdommer for å visa fram litt av den fine bygda vår.
Fint ---
-- og ikkje langt at til varden no.
To kjekke ungdommar er komme til varden på Tinden for første gang.
Liten kaffistopp ved Hanslibu på tilbaketuren.
18 - 19 september. So var tida komme for å ta potet og gulrotkjøpeturen til Lærdal.
Omtrent ein månad sidan sist me har vore på tur med Sniglehuset ( som fortsatt er navnet på bubilen ) og det var svært godt å sitta å nyta klossadrammen att.
Innom denne plassen for å kjøpa poteter / gulrøtter med heim att.
20 september. Yr meldte fint vær denne dagen og da vart det tur på Vikafjellet att for å lufte Frøya -- --- og fiskestanga var med.
Frøya nyt livet her.
Yr bomma noko med værmeldingane sine så turen vart ikkje heilt som planlagt ----
---- men gjekk til eit vatn eg ikkje har prøvd å fiska tidlegare ---
--- og fisken beit litt her :-)
Skodda kom lenger ned utover dagen men så no litt framføre meg på tilbaketuren
Hjortejakta so langt denne høsten. Var heldig første dagen og fekk denne hjorten med heim etter god hjelp av den flinke hunden.
Vidare utover så sit eg mykje i denne bua og venter på at det skal komma dyr framfor meg her også.
Sjølv om det vert mange timar ute så kjeder eg meg ikkje dei fine morgonane og kveldane, livsnytelse dette.
Avsluttar med Frøya som vert svært glad når det har komme dyr med heim att, lyt få litt godsaker ho også :-)
|