Ut på tur.
Tanken i dag var å starta skisesongen,
skia var med og bilturen gjekk til Rong på Bordalen.
Vel parkert vart skia liggjande at på bilen
og det som hadde passa best eit stykke oppover var broddar -----.
Men når me ( Frøya og eg ) var komme så langt så måtte det verta ein liten luftetur på sko oppover.
Når første bildet vart tatt så var skiføret ikkje så langt unna,
vart skiføre ( svært hardt underlag med 1 cm snø oppå ) litt over brua som ligg ved hytta de ser litt av her.
Ikkje mykje snø å måka av taket her enno ----.
Frøya merka ikkje så mykje til det harde underlaget --
--- gjekk for det meste fort rundt omkring i terrenget :-)
Utsikt mot Eggjane og Skjemmehovudet til høgre ( står det navnet på kartet )
Som De skjønnar på bildet under, er ikkje mykje snø i vegen her på Tverrlii.
Er komme på høgdè der det er vorte fine vegvisarar,
Kistenuten i bakgrunnen..
Me svinga opp til Vargarhytta.
Ikkje mykje snø oppover Trappafjellet.
Utsikt til stølen Øyaset
Var fint å sitta i solveggen på hytta sjølv om det ikkje var sol og nyta dagens niste ---- :-)
Avsluttar med utsikt til Karaldenuten
|