Hanslibu er vorte ein plass eg bruker når eg kan no og bildene fra denne turen er fra 3 - 4 august.
Fint vær og moltene er byrja å verta litt gamle nede i skogen så da vart det tur på Veskrehorgi for å sjå om eg fant litt fjellmolter og første bilde er fra turen opp Halseladalen.
Utsikt mot Skjemmuna og Sandfjellet der det var fin sol mellom svarte skyer.
Snart ved varden på Veskrehorgi
Veskrehorgi 1134 m.o.h. Og her lyt eg skunda meg å skriva at slik vert bildet når eg no er vorte litt enkelt innstillt, dvs mobiltelefonen er det eg har med meg som kamera og når auger / sol osv ikkje spelar på lag så er det mykje som kjem med på bilder --- diverre ---.
Utsikt ned mot Hanselavatnet
Utsikt mot stølen Helgaset, Skamdalshorgi og stølen Horgaset.
Frøya var glad når ho fant litt vatn og fekk kjøla seg ned.
Utsikt mot Grønahorgi og Håsethorgi som ligg i skygge her
Utsikt ned mot Grønlivatnet.
Jau, vart eit kg med molter på turen :-)
Måtte verta eit solnedgang bilde også ---
--- før det vart kveldsfiske i vatnet :-)
Kveld ved Hanslibu ca kl 23 --- livsnytelse for ein pensjonist dette :-)
11 august og det er på tide å prøva fiske i høgfjellet dette året også. Men som de ser på første bildet her så er det litt ymse med fiskeværet --- nesten heilt stille og fint vær denne kvelden.
Vart ikkje fisk men eit kveldsbilde til denne kvelden.
12 august og ny tur i høgfjellet for å prøva fiskelukka. Og så lyt eg skriva her som i andre media --- skriv ikkje kva høgfjell eg har vore i sidan me vil jo ikkje avsløra gode fiske plassar men kan avsløra at me er på Vikafjellet ---.
Frøya å eg var ikkje komme langt før nasa til Frøya byrja å arbeida. Kort skrive etter bruk av kikkert såg eg kva nasa til Frøya lukta. Ca midt i bildet her ( som er ca 1 km framme ) ser de ei lita lys-grønn myr-stripe, i overkant av den er det ein reinsdyrflokk på ca 200 dyr --- kjekt å ha hund med seg som veit korleis reinsdyr luktar.
Sjølv om me gjekk vidare ville ikkje Frøya gi slepp på reinsdyra, jau, ho har vore med på jakt og funne dyr når eg har brukt børsa ---.
Fint fjellområde dette.
Bilde av to av dei tre vatna eg prøvde fiskelukka i, dette er vatn nr to ----
--- og her er vatn nr 3 som eg fiska i. Status: Fisken var svært snill og beit ikkje denne dagen heller sjølv om den vart lokka med mange forskjellige slukar
På tilbaketuren byrja nasa til Frøya å arbeida att og ca midt i bildet ser De ein mørk flekk i ei slukt ved ein liten fjellknaus, reinsdyrflokken gjekk der, avstanden no var ca 5 - 600 meter.
Avsluttar med eit nærbilde tatt med mobiltlf og som De ser så er det ikkje noko å skryte av, men den mørke flekken her er reinsdyrflokken på ca 200 dyr som ligg samla. Og konklusjon etter denne turen er: Fotoapparat med noko zoom skal vera med meg på fjellturar seinare.
|