To turer til Hanslibu
og først familietur ut der.
Kåno, datter, svigerson, to barnebarn, Frøya og eg ville ut for å nyta det fine sommarværet og på første bilde er beina byrja å arbeide etter at bilen er parkert.
Minste guten ( som nærme seg tre år ) og Frøya er gode turkamerater og eldste guten ( som nærme seg sju år ) går framfor og vise veg.
Eldste guten ser bua ---
--- og her vart det både grilling ---
--- og bading før heimtur.
Nokre dagar seinare, været er like fint og da vart det gutatur for svigerson og meg. Jau, svigerson har lært kva årer er utenfor Tromsø så dette gjekk bra
To fiskar på denne turen --- --- trur samanligninga fortel om størrelsen, godt gjort at dei klarde å gapa over kroken på ei dobbelkrok fluge.
Etter båttur vart det litt ekstra livsnytelse før middag ----
--- og tur ut til Tinden.
Underteikna ved varden på Tinden og sidan det ikkje er så lenge sidan sist eg var ut her ( bildeserie 7.06.21 her på sida ) så vert det ikkje utsiktbilder denne dagen.
Tilbaketur til bua og motsolbilde ca kl 20.35.
Kveld ved Hanselavatnet
Morgon og ikkje vanskeleg å sitta ute med frokost å kaffi denne dagen.
Hadde ute nokon småmaska garn me også slik min gamle onkel ofte gjorde. Kort skrive så er det mykje småfisk i vatnet og litt kultivering som garnsettinga går inn under vert det alt for lite av, men alt hjelper trur eg.
|