Ut på tur med Sniglehuset og eit vennepar.
Denne gang var me to bilar som hadde ei veke fri og ville utforska litt meir av Vestlandet, kort skrive var det svært kjekt.
Er ei stund sidan dette no og med det litt lite tekst men prøver å fortelja med bilder fortel at me hadde det fint.
Første etappe vart fra heimen til Florø og campingplassen der.
Turen vidare gjekk på smale og breie vegar slik som her ved Kollsete
Ferja fra Måløy kjem men den vente me ein dag med ----
--- sidan me tok turen ut på Bremangerlandet og Kalvåg. Nokre bilder der i fra.
---
---
Og når Vossingar finn Vossabua måtte det sjølvsagt verta bilde.
Ny dag og snartur ut til Grotlesanden.
Ikkje lang kjøring denne gangen, me stoppa på fin bubilparkering i Måløy
Ny dag og tur utover for å sjå seg om utenfor Måløy, først til Kannesteinen -----
--- og så ut til Kråkenes fyr.
Eit bilde til av Kråkenes fyr.
Snartur nedom Hoddevik for oss medan våre venner tok turen ut til Vestkapp som me var i fjor.
Fin sandstrand i Hoddevik.
Dagens stopp vart på bubilparkeringa i Fiskå.
Vart helst litt surt vær ute ved kysten så etter litt fram og tilbake for å sjå oss omkring bestemte Yr at me kjørte innover i landet. Og Yr fekk rett, me stoppa i Loen og to overnattinger der
Eit av måla i Loen var tur opp med heisen ( til toppen omtrent midt i bildet ).
På veg opp med heisen og me fekk sjå på dei som går tur oppover fjellsida -- -- jau, jau, er mange måtar å gå på fjelltur ----.
Fint på toppen.
Utsikt over Loen ---
--- og utsikt mot Olden.
Så fekk me sjå to basehopparar som leika seg --- -- er mange måtar å nyta livet på -----
-- og nede på campingplassen fekk eg bilde av dei samme to basehopparane som hadde fleire hopp den dagen. Er mykje zoom på fotoapparatet og litt kornete bilde men de ser basehopparane i den gule ringen nede i bildet.
Avsluttar med kveld i Loen og Takk for ein fin tur til våre venner !
|