Meldt fint vær og med det vart det helgetur på Vikafjellet med Sniglehuset.
Fint på plassen me har vore mange ganger tidlegare ---
-- og utsikta er som alltid svært fin.
Frøya nyt livet i kveldssola
Spasertur på fredag kveld, utsikt mot bla Fuglafjellet og Bjørndalskamben i kveldssol fra grensa ----
--- og ved grensa gjekk sola ned kl 21.34.
Lørdag og prøve på skitur.
Utsikt ned mot parkeringsplassen vår
Jau var rimeleg bra å gå på ski men snøen var noko treg og enkelte plassar seig Frøya djupt ned i snøen.
Så ut fra føret vart det stopp på turen her med utsikt innover Sendedalen
Trur det er første gang eg har tatt bilde av både ski og Rødsildre på samme tur så konklusjonen vart her: Dette vart avslutning på årets skisesong.
Avsluttar med kveldsbilde, det var ei ny fin helg i Sniglehuset som fortsatt er navnet på bubilen vår.
|