FINT vær og da vart pensjonist dagen brått endra til Skitur på Vikafjellet.
Klaga ikkje på det De ser på bilde 1 her, dvs skyfritt og blikk stille.
Skiføret var heilt ok sjølv om det har vore litt vind på siste nysnø
Utsikt mot Skjelingavatnet og hyttene der.
Her er eit av partia som var avblåst, var nokre få slike plassar
Kjem ikkje på anna å skriva enn at dette er fint.
To skituristar til i området. Var lite folk her denne dagen, totalt som eg fekk med meg var me 6 stk i dette område denne dagen.
Ferdig med dei fleste oppoverbakkane og eit tilbakeblikk
Utsikt mot toppen på Skabotsvarden og som De ser seig Frøya ned i litt ujamt ---.
Skabotsvarden 1375 m.o.h.
Litt utsiktbilder, først mot øst ---
-- utsikt mot sør ---
-- nærbilde mot Lønahorgi i sør ---
-- utsikt mot vest ---
--- og utsikt mot nord.
Fint ned att, måtte venta ein del på Frøya som utnytta spora mine godt men seig ned i ein del.
Var så fint vær at dagen måtte utnyttast litt lenger med ein ekstra kaffipausestopp på nedatt turen
Avsluttar med eit avslappande bilde. Frøya har lært at når det er kaffipause og ho har fått nokon gode kjeks ( hundekjeks ) så bruke eg lang tid på kaffikoppen min. Som De ser på bildet under --- ein slik pause utnytta Frøya godt ---- :-)
|