Tur til Hanslibu for å få litt ved til bua.
Ikkje så mykje vedhogging sidan vedlager må stå forhold til bua -- men det viktigaste er å bruka GO tid på arbeidet for å nyta pensjonistlivet --- :-)
Værmeldingane var finstudert fram til mandag morgon og da vart det tur ut og på føreste bildet er Frøya å eg komme til Hanslibu mandag i lettskya vær og vindstille.
Første pkt på programmet var å fyra i ovnen og så å henta vatn. Og til Dykk som er lokalkjent så ser De no at det er vorte ny vannbøtte i bua. Den lyserøde som har overlevd så lenge eg kan hugse ( fra eg var i konfirmasjonsalderen ) hadde sett sine beste dagar ---.
Liten tur opp på Ysta Hanselaleitet for å sjå om snøforholda, først bilde ned mot vatnet ---
--- så bilde mot vestenden av Tinden.
Som De ser er det ikkje mykje snø her når eg ser mot Brøpitlaleitet
Like før solnedgang, Bakselasteinen omtrent midt i bildet.
Kveldstemning, utsikta ut gjennom "stoveglaset" vert eg aldri lei.
Tirsdag morgon. Ferdig med frokost og nytelse kaffikoppen og miljølufta mi vart ute i morgonsola ca kl 8.45. Klaga ikkje her, 7 kuldegrader og sola er byrja å gi varme fra seg i heilt vindstille vær.
Vedpinnane er komme av rota og kappa, kløyving no.
Godt å ta litt pauser fra kløyveslegga.
Kappe i ca 20 - 30 cm lengde og var ein rotkubbe som var stri, god gammal vedkile vart løysinga her.
Ny pausetur, først utsikt mot Hanseladalen
Nærbilde mot Hermannsnuten --
-- nærbilde mot toppen av Eggjane --
-- og nærbilde mot skaret som deler Grim og Kistenuten, Herdabreida er navnet for dette fjellområdet.
Kløyvinga er vel gjennomført like etter lønsj og da smakte det godt med litt god drikka fra boks --- :-)
Resten av ettermiddagen vart det nytelse av livet i solveggen, kan bevilga meg det synest eg sjølv.
Solvegg stemning --
-- og eit å anna fly langt oppe var det som bevega seg rundt meg.
Sola tok kveld kl 17.40 ved bua den 9 mars --
--- men på haugen over bua fekk Frøya å eg sola fram til kl 17.49.
Ikkje mange bilder på veggene inne. Dette er framsida i lokalavisa Hordaland fra Landsskyttarstemnet 2012 -- -- eit av mange kjekke minner etter min yngste onkel på morsida.
Desse to bildene er også svært kjekke minner fra 50 års jubileet til Hanslibu i 2003..
Onsdag morgon. Værmeldingane vart heilt rett -- som De kan sjå på pelsen / halen til Frøya blæs det mildt sagt godt. Ut fra værmeldinger skulle det komma snø saman med vinden tidleg så da var det berre å komma seg heim før snøvær.
Ikkje så lett å sjå men trur De ser det er snøføyka her på Hanselaleitet under heimturen
Lite snø i fjellet og bildet her litt utom Veskre viser det
Avsluttar med eit bilde som fortel litt om korleis enkelte praktiske ting kan ordnast lett ---. Jau vedovnen er god i ei lita bu, dvs varme godt. Men ei bu og seng som ikkje har vore overnatta i sidan tidleg i høst tar det ofte lang tid å få varme i og da er det kjekt å ha med seg ein god venn som varme opp senga før eg skal leggja meg -- -- Takk for oss, kjem nok snart att :-)
|