Tur på Strondæ
i dag for å stundere snøforholda.
Byrjar på Tvinne der fossen er kvit og fin saman med snøfrie bakkar.
Slik såg det ut på tunet i dag, 6 januar 2016 ----
-- og slik såg det ut på tunet 11 Januar 2014 --- ut fra værmeld så vert det ikkje slik om 5 dager i år.
Hadde diverre ikkje studert bildet under før eg reiste oppover i dag så eg står ikkje heilt på samme plass som over,
og årsaka er høge brøytekantar på bildet under.
Eit lite PS. Har no funne fram at bildemappa frå i fjor vinter så det vert sikkert meir samanligninger utover vinteren
Utsikt mot Oppheimsvatnet
Her er ei av årsakene til at eg ikkje brukte beltehesten oppover i dag,
stålis med innlagt stein er helst dårleg føre for den ----.slik var det fleire plassar.
Frøya er flink og venter på meg oppover Bakkane --- :-)
Ein av dei plassar eg pleier ta bilde om vinteren,
fint føre for beltehesten her dersom eg hadde komme opp her.
På myra der snømålestaven står
Så skjedde det som eg ikkje hadde planlagt.
Medan eg tok bildet over var Frøya svært kjapp og plukka opp eine votten min og da tapte eg ----.
Jau, er no kjekt med ein leiken kamerat som ikkje vert fri kvelpefaktene sine ---
vart ein "lang kamp" før eg fekk votten min att ---- :-) 
Ved snømålestaven ca 610 m.o.h.
Snøen har sige saman sjølv om det har vore kaldt sidan sist eg var opp, konstatere at det var 43 cm i dag
Er ikkje den beste plassen å komma fram med beltehest her heller no -- lyt nok få litt snø oppå iskulen.
Var optimist før eg reiste fra heimen og smørte meg niste i håp om at det vart tur med beltehesten for å få laga meg veg
med tanke på fridagane som nærmer seg.
Dagen vart ikkje slik men det vart ein fin spasertur på skareføre i lia
og like etter at siste bildet her vart tatt vart det nistepause for Frøya og meg.
Kort fortalt ein dag med nytelse av januarsola og 12 - 13 kalde grader --- :-)
|