Tur til Hanslibu.
Prøvde meg på skitur til Hanslibu for fem dagar sidan ( tirsdag 23 feb ) men skiføret da var svært dårleg etter alt mildværet med regn. Når eg var komme til stølen Veskre og det var slutt på stølsveg den dagen, snudde eg heim at -- skal vera kjekt å gå på tur ---.
Så i dag vart det prøve på noko nytt sidan været var fint -- --- for første gang i mitt liv vart det ut på tur med truger utenfor veg.
Bil parkert på Jerald og fint å gå på sko oppover stølsvegen.
Nokre plassar med is / snø langs vegen oppover, her er me komme ut forbi markagarden.
Fint å gå på sko her også.
Ved sommar parkeringa på Veskre
Eit bilde til fra Veskre
Kaffipause ved denne steinen før truger skal under skoa for første gang i mitt liv. Til dykk som er lokalkjente ser De gjerne at dette er ein av steinane over øverste selet på Veskre.
Jau, jau --- vart djupe spor ( ca 20 - 25 djupe spor ) etter meg sjølv med gode truger under skoa, føret var av sorten med ei lite hard/fast hinne øverst og så blaut snø under --.
Er komme opp Svinekleiva og da vart det leiting etter snøfrie felt for å gå lettare. Fordelen med truger skjønne eg no er at det er IKKJE skismørje utfordringer og dei flyt godt på myrane også --- :-)
Tilbakeblikk mot Veskre
Tilbakeblikk --- er nesten som store bjørnespor etter meg her --- :-)
Oppover her var det litt betre å gå for meg. Fokksnøen fra tidlegare var litt hardare skorpe på men Frøya sleit her, ikkje lett å sjå på bildet men gjekk gjennom den den litt harde skorpa med omtrent annankvar fot ---. Kan opplysa om at både eg å Frøya leita etter snøfrie plassar for å gå så lett som mulig.
Er komme på Hanselaleitet ---
-- og utsikt fra Hanselaleitet mot Hanselavatnet fra min faste fotoplass her.
Tilbakeblikk mot Hanseladalen
Nesten komme ned til Hanslibu
Lite snø rundt Hanslibu denne dagen, 28 februar 2021 ----
--- slik var snøstatus på samme plass 4 mars 2020.
Hadde isbor med meg i dag for å sjekka isforholda på Hanselavatnet, 809 m.o.h. Kort skrive mykje svært god is her. Ser De spaden på bildet ? Den vart trykt ned så mykje eg klarte og står svært godt i den støe snøhinna øverst sjølv om den er kun nokre cm nede i snø. Var ca 10 - 20 cm overflatevatn heilt nærme land ein del plasser ----
--- men den godt harde is der eg laga hol er ca 40 - 45 cm tjukk
Utsikt fra solveggen under dagens niste og lange kaffipause ( var omtrent vindstille ). Studere De bildet litt ser De no kor langt ut eg gjekk før eg laga hol i isen og målte kor tjukk den er
Avsluttar på heimvegen på Veskre. Er ferdig med med min første trugetur og konkluderte med at dette var ein ok måte å forflytta seg på på dårleg skiføre så da vart det feira med ein god kaffipause her før sko-tur ned at til Jerald.
|