Tre dagar i skogen på Strondæ.
Jau, no nyt pensjonisten livet og etter eit snøfall vart det tur i lia for å kjøre oppatt vegen min lørdag 24 januar.
Første bil opp til tunet denne lørdag føremiddag etter litt ekstra snø denne natta, byrja å verta vinterstemning her no.
Komme ca 35 cm nysnø sidan sist eg var opp, gammal tørr snø har sige heilt saman og var 59 cm ved målestaven denne lørdag.
No er det komme so passa med snø at eg kan få fin veg med hjelp av litt spadearbeid enkelte ujamne plassar.
Ikkje så lett å sjå på bildet under men kjøre over nokon myrar før eg kjem til hogstplassen og her var det SVÆRT snøblindt ( flatt lys ) men gjekk bra det også.
Mandag 25 januar og kort skrive er det den FINASTE dagen så langt i år 2021 og da vart det mange bilder.
Byrjar på tunet før turen opp i lia, 12 kuldegrader, vindstille og sola er byrja å værma når kl er ca 10.30
Snø sige litt saman sidan lørdag, 53 - 54 cm no ( ikkje kontrollmålt med meterstokk mellom kvar 10 cm merke )
Første lass denne fine dag er klart for transport.
Vegkjøringa lørdagen var "gull verdt" -- og når i tillegg nabo var på vedarbeid med skuter etter eg kjørte så har eg no omtrent autostrade å kjøre på :-)
Tre bilder fra mandag lønsjpauseplass, heilt vindstille og resten ser de på bilder --- kan ikkje ha det betre i januar månad
--
---
Kjøre heim to lass for dagen, her fra turen ut fra skogen med siste lass ---
--- og det vart sjølvsagt kaffistopp på "siste kaffistopp plass for dagen".
Må nett visa bilde av at no er elgen komme attende i lia også. Har vore elg i området omtrent kvar vinter fra ca medio januar til ca slutten av mars. Har berre sett spor etter han så langt.
Ferdig å kappe opp siste lass for dagen, kl er ca 15.40 og sola er på veg ned
Ny dag, 9 kuldegrader på tunet på føremiddagen ( -7 ettermiddag ) , skya og heilt vindstille. Frøya nyt livet på teppet sitt medan motorsaga går -- jau, ligg litt lenger også
Vart to lass med heim i dag også, første lass her.
Avsluttar med eit viltbilde. Som skrive til eit bilde lenger oppe så er elgen komme tilbake på vinterbeite no men dette "storviltet" var det største vilt Frøya spora opp denne dagen ---- :-) ( ps: spissmusa fekk leva godt vidare så får dei som ikkje har tilgang på mat i stova hjå oss to-beinte få denne dersom dei finn den)
|