To FINE dager i vedskogen.
Som De kanhende har sett vart det vegarbeid tur i lia 11 januar. Vegarbeidet eg gjorde var ikkje bortkasta men sterk vind natta til denne dag har blåst att mykje av vegen og med det mykje løs fokksnø å kjøra i -- men gjekk bra.
Byrjar med to vinterbilder fra i går, klaga ikkje her.
---
Sesongens første vedlass er komme på lunnedraget og skal heim ---
--- og var rikeleg tungt men det gjekk bra i mykje løs fokksnø.
Denne dags lønsjpause plass og kort skrive er det ikkje anna å skriva enn at dette var ei fin stund i heilt vindstille vær :-)
Utsikt mot bla Oppheimsvatnet fra lønsjplassen min
So lyt eg skryta litt av dei som har konstruert 4-hjulingen min. Er nesten som eg kunne tru at konstruktøren har vore mykje ute ein kald vinterdag og fått våte vottar. Dette rommet er ein fantastisk varm og god plass å ha vottane i når eg bruke to par vottar i skogen og har varme vottar å ta på meg når eg byter :-)
I dag ( 14 januar ) var det rikeleg kaldt, 17 kalde heime og drøya litt før eg reiste oppover for å vera sikker på at sola var byrja å varme litt. Det som vert utfordringa no i vegen min er vatn som frys opp sidan det er så lite snø, har vore lite plaga med det tidlegare. På plassen der bildet under er tatt er ein plass eg ikkje hadde tenkt på vatn og is, 10 meter lenger borte som det er skikkeleg myr hadde eg forstått det ----. Håpa på meir snø no ---.
Dagens lønsjplass
Og dersom De undrast på korleis det er med Frøya i skogen så er det ikkje vanskeleg. Ho lærte første året sitt at på teppet sit ho trygt når eg bruke motorsaga og dette er plassen ho held seg når motorsaga går sjølv om ho ikkje har band på seg.
Fekk rydda meg ein liten ny trase ned her også i dag for å komma nærmare nokon fine bjørker
Fint :-)
Vart eit lass med heim fra skogen i dag også sjølv om det var ein kort dag, bildet er fra min faste plass for "dagens siste kaffikopp pause".
|