Snøtur på Strondæ.
Da er det endeleg komme litt snø på Strondæ ---
--- og det vart tur i lia for å lage grunnlag for fin veg før vedhogging.
42 cm snø ved målestaven 615 m.o.h.
Etter noko spadearbeid i denne bakken ( som er den verste ) kjørte eg opp ein anna veg ( som ikkje egner seg til å dra vedlass ) og så ned att vegen her, trur eg har godt grunnlag her no.
Oppover her gjekk det svært bra med lite snø på svært ujamt underlag ---
--- litt spadearbeid her pga bratt / svært ulendt ut på nedsida og grunnlaget er vorte svært bra trur eg.
Og når eg var komme så langt måtte det verta nistepause, meterstokken viste 59 cm med snø her 681 m.o.h ( har ein app på tlf som viser høgde over havet ).
Utsikt mot Oppheimsvatnet fra nisteplassen min.
Desse og fleire fine bjørker i samme område er dei som skal heim i vinter
Etter første runde for å lage veg vart det tur nr to i lia med eit traktordekk på slep for å jamne ut mykje av snøen som er midt under 4-hjulingen. Ikkje mykje som skal til for å få vegen mykje betre med tanke på vedlass på lunnedraget.
Vart fiint vær og da måtte det verta motsolbilde også
Her er som mange av Dykk har sett tidlegare min faste "siste kaffipause plass" når eg er i vedskogen, eg klaga ikkje i ettermiddagssola no ---
--- og Frøya ser ut som ho er godt nøygd med dagen også :-)
|