Årets første skitur.
Er tidleg på året for underteikna med skiturer dette men når været vart slik som no så bør (må) jo skia prøvast ----. Turen denne første søndag i år 2021 gjekk til Hanslibu for å sjå korleis snø forholda var der ute.
Byrjar bildeserien med to bilder fra stølen Veskre og som De ser er det lite snø for å vera 3 januar.
--
Er komme ut på myra utom Svinekleiva og tilbakeblikk mot Veskre, som De skjønnar, skiløypa mi vert mellom bjørkekrakane ---.
Eit tilbakeblikk til, fint skiføre på myrane ---
---- og oppover myra nedom buførevegen her var det fin hardpakka fokksnø å gå på.
Hanselaleitet -- også kalla Heimsta Hanselaleitet -- mykje av den vesle snøen som er komme er blåst bort her.
Og så må det sjølvsagt verta bilde på min faste fotoplass før me går ned til Hanselavatnet -- klaga ikkje her :-)
Med bildet under kan eg fortelja at det var IKKJE snøskredfare for å komma fra Hanselaleitet og ned i Hanseladalen i dag --. Til dykk som ikkje er kjent i området kan eg fortelja at her pleier det på vinteren vera noko snøskavler langs fjellknausane på venstre sida i bildet ---.
Tittel på dette bildet er: Flat coated retriveren Frøya i 3.dje januarsol :-)
Tilbakeblikk mot Hanseladalen, fint skiføre her.
Og her ligg Hanslibu i strålande 3.dje januar stemning.
Eit bilde til av Hanslibu og kan fortelja at det var fiint å nyte niste og kaffi i den blikkstille solveggen her i dag.
Avslutter med to bilder om istjukkelse i dag på Hanselavatnet, 809 m.o.h.. Ikkje langt fra sannheita at eg gjekk ca 20 meter ut på isen saman med øksa før eg byrja å hogga i isen.
Og istjukkelse status er som fylgjande: Lite snø oppå isen, ca 6 cm skikkeleg god is først, så ca 2 cm vatn/sørpe og så god is nedover. Totalt ca 21 - 22 cm med is på dette vatnet på denne plassen i dag, 3 januar. Ver OBS på at istjukkelse kan variera på vatn, Ynskejr ein FIN vinter og Frøya å eg kjem nok ut at her om ikkje lenge :-)
|