Eg er her
dvs pensjonisten har det godt uten å trykke for mykje på datamaskina, men telefonen er med meg og det vert tatt litt bilder som vert samla saman av å til --.
11 desember vart det prøve på litt ryddearbeid i lia på Strondæ sidan det er nett passe med snø til slikt arbeid. Ryddinga gjekk fint den så no vert alt mykje kjekkare når eg er på skitur i området :-)
Så kjem utfordringa -- -- er langt fra optimist med denne tilhengeren i lia men må jo prøva sidan det er for lite snø til lunnedraget mitt. Ikkje store lasset ----
-- men det var rikeleg stort for tilhengeren når ei snødekt myr ikkje er heilt flat ---.
Fra myra på bildet over gjek turen vidare med halvt lass på tilhengeren, gjekk bra heilt til ei hole under eine tilhenger hjula ----.
Men kom meg ned til den tradisjonelle siste fotoplass når eg er i skogen og konklusjonen er heilt klar: Denne tilhenger er TOTALT UBRUKELEG utenfor flate bakker og tørre veger på sommartid --. Så no er det berre å venta på meir snø for å få ut nokon pinner fra skogen denne vinteren også :-)
Siste dag med jaktlaget i skogen var 19 desember og konklusjonen for oss i dette jaktlaget denne sesongen er som følger: Godt humør, sett hjortedyr me ikkje kunne felle ein dag , ellers stille og fine turer.
Kåno sine 227 nissar ( 2 bilder som viser nokon av dei her ) har vore med på å få jula som normal som mulig dette året også.
---
Søndag 27 desember vart det ein liten romjulstur i lia på Strondæ for å sjå om snøforholda. Kort skrive for lite snø for vedhogsten min enno, var 14 cm ved snømålestaven som er vorte ny og står fortsatt ca 615 m.o.h
Men desse to, Frøya og far Pluto, nyt livet i lia sjølv om underteikna meiner det er for lite snø enno --.
Siste bildet her er ved Vangsvatnet i går, 29 desember, og som de ser er det ikkje mykje snø i sentrum av skibygda Voss.
Plan videre for lokmartin sida er at det kjem bilder når eg har vore på ski/fot/bubil turer rundt omkring og sjølvsagt kjem det oppdatering om snøforholda i lia på Vossestrand utover vinteren.
Underteikna vil med dette ynskja dykk alle GODt NYTT ÅR !
|