Litt ymse fra siste tida.
Er komme till snø i høgare strøk og første snøturen i lia var 23 november. 18 cm med snø ved målestaven ca 615 m.o.h denne dagen.
Ærende med denne turen var å studera kvar eg kan få rydda meg fin trase for å komma til fine bjørker påbildet under, kjem meir om det litt lenger nede.
Helg og tur i skogen saman med jaktlaget, ein stille og fin tur.
Har vore i skogen i måneskin også --- heilt stille og fint det også.
Ein ny og fin dag og det vart tur i lia for å rydde trasen eg plukka ut for 4-hjulingen på bilde lenger oppe sidan det fortsatt var lite snø.
Vart fint her no så da kjem nok desse bjørkene heim utover vinteren når det er vorte noko meir snø. Bør ha ca halvmeteren med snø for å få fin skogsveg.
Til skogen : Takk for denne dagen ---
--- og ørna passer på meg i lia.
Helg og ny tur saman med jaktlaget --- stille og fin tur denne gangen også.
I dag, 9 november, vart det fint vær at og da vart lufteturen for Frøya og meg oppe i snøen, første bildet ved Fennastølane.
Børsa var med i tilfelle rette sorten dyr var framfor oss
Desemberstemning i skogen
Hadde kaffi med meg og her er utsikta fra dagens kaffipause.
Var meldt skyfritt i dag og yr bomma litt der men fekk sjå sola att når me nærma oss bilen.
Hugser De svartreven eg felte som det er bilde av under dato 22.09.20 på sida her ? Den har vore på tur til preparant og er no komme heim at og har fått plass i stova. Jau, ser litt skummel ut i blikket men preparanten ringte fleire ganger og spørte korleis eg ville ha den og eg er heilt ærleg når eg skiv at eg er strålande fornøygd med resultatet :-)
|