Litt ymse fra første halvdelen av November mnd.
Jakta etter hjort og elg går sin gang, har vore stille i skogen men er fine turar saman med jaktlaget ei gang pr veke og turar åleine der i mellom.
Søndagstur mellom Fennastølane og Fennanuten ---
--- litt skodde innimellom ----
--- men så la skodda seg nedover og da vart det svært fint i fjellet ei stund. Utsikt mot bla Bordalsfjella her med Skamdalshorgi som hatten som stikk opp over skodda.
Nokre bilder som viser kor fint det var denne søndagen
---
Utsikt mot Raundalsryggen
Kåno var også med som sporhund denne dagen --- kaffi og kjekspause her.
Utsikt retning Vossevangen men som De ser er det tjukk skodde over bygda. Litt til venstre for midten av bildet ser De ein liten rygg som så vidt stikk opp over skodda, det er toppen av Bordalsåsen
Utsikt over Fennastølane
Så har det vore grøftearbeid. Dette er litt eigen innsats for at det skal komma internett til bruket der junior og familien bur. Jau, kjekt å vera gravemaskinkjører at.
Fint novembervær, kunne vore heilt anna vær på denne årstida
Røyra til kabel er komme ned ---
--- litt ekstra band i grøfta slik at det vert funne først i staden for røyra i tilfelle nokon grev her seinare ---
--- og så vert krafsa brukt for å fylle på grøfta at for ikkje å øydelegge bakkane til naboen for mykje.
Værbyte i går ( 17 november ) og ein tur i skogen at da i staden for å verta ferdig med grøfta.
Ei furu som har hatt noko skeiv oppvekst i mange år
Høstmyr
Opp i småbjørkeskogen også men det var ikkje noko dyr å sjå denne dagen heller.
|