Arbeidshelg
helga som var
og først tre bilder fra turen til Ål med nattog østover og føremiddagstoget Oslo - Bergen tilbake til Bergen.
Nattog 606 på Finse
På vestoverturen og to bilder for å visa litt om snøforholda,
Det meste av Finsevatnet er isfritt no men er mykje snø at i området
Låghellervatnet har fortsatt noko is --- men trur det er dårleg is for isfiske ----.
Vel heimkomen i ca 18 tida lørdag ettermiddag,
værmeldingene var bra og eg skulle ikkje på jobb før søndag kveld i ca 22 tida ---
-- da var det berre å pakke sekken og ta turen ut for å nyta livet.
Turen gjekk til Hanslibu ved Hanselavatnet,
og første bildet vart tatt når me kom ut til vatnet.
Sola var borte ved bua når me kom der
men me måtte ut i sola for å ta kveldens familiebilde med sjølvutløysar på kamera :-)
Ved steinbordet var det fint å sitta lenge,
myggen var den som jaga oss inn at etter nytelse av livet ute.
Utsikt fra steinbordet
Siste solstråler over Hanselavatnet ca kl 20.55
Fisken hoppa mykje på vatnet denne kvelden
Når myggen hadde jaga oss inn hadde me det slik ----
--- med god underholdning på radioen --- me klaga ikkje :-)
Søndag morgon og utefrokost på gang
Etter frokost og ei god kaffistund vart det ut på tur
og første bildet er ved Bakselasteinen.
Ein stein som dei brukte når dei kjørte med hest til stølen på vintertid for å henta høy
og dei ikkje hadde bruk for bakselen heile vegen.
Ved groa ( lita elv ) Brøpitlo.
Har skrive historien om dette navnet mange ganger før men ein god historie toler å verta repitert.
Segna fortel at Gygræ ( lokalt navn på huldra og lignande ) stod på toppen av
Veskrehorgi ( toppen bak i bildet ) og mista brødleiven sin ned.
Da steig ho fra toppen og ned her for å plukka ( pitla på dialekt ) oppatt brødet sitt ---
-- og der av kom navnet fra denne "sannsoga" ----- :-)
Lita snøbru som me gjekk over på veg utover mot Tinden,
jau, vart prøvetrampa når me kom ut på i andre enden som var noko tjukkare ---.
Ei våt og glad Frøya nyt livet og utsikta
Snart komme ut til varden no ---
--- og tilbakeblikk fra samme plass som bildet over er tatt.
varden på Tinden
Nokon utsiktbilder,
først mot sør- sør/øst med litt av Hardangerfjorden
Nærbilde mot Kinsarvik
Utsikt mot sør - sør/vest med bla Kistenuten, Grim og Karaldenuten
Utsikt mot vest - Nord/vest med Veskrehorgi til høgre i bildet
Utsikt mot nord - nord/øst med Grønlivatnetnede i bildet og Horndalsnuten og Skipadalsnuten bak i bildet
Utsikt mot øst - nord/øst med Vassfjøro til høgre i bildet og litt av Hardangerjøkulen bak litt til venstre i bildet
På veg ned at til Hanselavatnet var det to som var ut å rodde på vatnet i det fine været
og det som var kjekt å høyra fra denne båten var FIN musikk som vart spelt på saxophon.
Første gang underteikna har høyrt "live" musikk fra båt på dette vatnet
og det var KJEKT :-)
Avsluttar med bilde av Hanslibu,
Takk for oss, me kjem nok attende :-)
|