Strålande vær ---
-- og med det skitur til Skabotsvarden på Vikafjellet i dag
for ein god kollega, Frøya og underteikna.
I tilegg til sol fra skyfri himmel var det vindstille også, da kan me ikkje forlange meir.
Korleis skiføret var ?
Svært bra !
Kom ikkje langt opp før me fant rimeleg ferske reinsdyrspor,
god lukt for Frøya som da sjølvsagt måtte gå i band
Litt lenger oppe og på god avstand vart desse to rypene observerte ( har god zoom på fotoapparatet no ) ---
--- og her var det " kjærlegheit ved første blikk" --- :-)
Rypene gjekk me ikkje nærmare, dei fekk vera i fred i denne gode kjærlegheit stunda.
Ikkje mykje skispor her, kun to spor fra dagen før
Min kollega og Frøya nyt livet, me har tid å stoppa å sjå på naturen også :-)
Så var me heldige å observere reinsdyra.
Var langt fra oss ned men med god zoom på fotoapparatet så ser me i alle fall kva det er på bildet.
9 eller 10 bukkar i denne flokken.
Nærma oss toppen no.
Så såg me reinsdyra at langt nede.
Til dykk som er godt kjendt så skjønne de at det er eit stykke fra omtrent toppen av Skabotsvarden
og ned på høgdene like nord for Lars-Olahola.
Hytta De ser er like under vegen ved parkeringa for dei som skal innover Sendedalen
Kollega ved varden på Skabotsvarden, 1375 m.o.h ----
--- og underteikna ved samme varden
Avsluttar med fire utsiktbilder,
først mot sør med Lønahorgi litt til høgre for midten i bildet.
Min kollega kunne fortelja når han fekk låna kikkerten min at han såg Rundemann som er eit av fjella rundt Bergen
Utsikt mot vest
Utsikt mot nord ---
og utsikt mot vest som siste bildet.
Takk for turen :-)
|