Skitur til Hanseladalen
for å sjå på snøforholda.
Underteikna og ein god kollega fra by-kanten tok turen denne dagen.
Yr å Storm meldte delvis skya vær ut på føremiddagen
men me vart nok einige om at det vart ikkje, ut fra vår definisjon, delvis skya slik som var meldt.
Kort skrive var det litt flatt lys ( snøblindt ) over skoggrensa og
rikeleg med snø er det i fjella på Bordalen også no.
Som De vil sjå nedover var det ein del nysnø å gå i, dvs helst tungt skiføre
Første bildet er fra brua oppe i Jeraldshagane
og trur De skjønna at Frøya har fått seg ein god kamerat her, kollegaen hadde ikkje vanskeleg med å gi klapp å kos --- :-) 
Er komme omtrent ved brua over Svinåni
og trur De skjønna at det var nok nysnø å laga spor i.
Ved sommarparkeringa på stølen Veskre ---
--- her er stolpen til parkerinksskiltet merka og denne dagen var det 1.50 meter med snø her
Fra Veskre går turen vidare utover her --- jau me såg litt av sola også --.
Tilbakeblikk mot stølen Veskre
Vinterstemning.
Frøya passa på å kvila når ho kunne på denne turen, er nok ikkje lett å gå i mykje laus snø ---.
Da er me komme til hytta som me i teorien skulle sjå fint her --- ser litt av pipa ---.
To bilder som viser kor mykje av hytta som er synleg no.
Me hadde ikkje spade med oss og spaden som er i hytta er sjølvsagt inne
så å grave den fram at får verta eit anna prosjekt.
---
Ned på vatnet for å sjekka korleis forholda var der.
Prøvde å få skistaven ( fra enden med handtak på ) ned i snøen men kom kun ned lengda på handtaket,
dvs. er ikkje farleg å bevega seg ut på her.
Utsikt over Hanselavatnet med Grim på Herdabreida lengst bak i bildet
På heimturen vart det bilde fra heimsta Hanselaleitet med utsikt over vatnet og Tinden, utover til venstre i bildet.
Takk for laget !
|