Snø og vedtur på Strondæ.
Var opp for ei god veke sidan og da var det komme rikeleg med nysnø,
nokre bilder fra den turen først som kun vart oppatt kjøring av skogsvegen min.
Men det var jo fin vinterstemning :-)
---
---
----
Så til dagen i dag ( 28 feb ).
Kort tid etter eg hadde parkert på tunet vart det slutt på ei god snøbyge --- heilt ok utevær no.
Komme godt med nysnø i lia sidan sist tur denne gangen også så det vart vegkjøringstur først.
Gammal snø sig saman, ved målestaven ca 615 m.o.h var det i dag 1.88 meter med snø.
2-meter merket er skjert inn i øverste kant av tape som vart brukt på skøyt påsatt i 2015.
Er byrja å tenke på at eg må opp med ny målestav som er noko lenger før neste vinter
sidan skøyten min har fått hard medfart i dårleg vær på myra her----.
Var berre ca 45 cm med nysnø i vegen sidan sist snøtur og da kom eg opp denne bratte bakken her
uten bruk av spade --- kun litt fram og tilbake osv :-)
To vinterstemning bilder fra ei av myrane eg kjøre over
---
Kjem fram her også
Utsikt mot Oppheimsvatnet
Utsikt mot stølen Turtene og Høgafjellet
Heilt ok plass å nyta nista å kaffi ei lang stund her før eg kom ned at på tunet.
Underhaldninga under niste og kaffipausen var å sjå på virvel vindane
( tornadoer er sikkert eit finare ord --- )
som arbeidde godt i kantane rundt Bjørnfjellet.
Finværet ser ut som det held seg og da vart det ein tur til i lia denne dag
der motorsag og lunnedrag vart med.
Er noko arbeid å komma seg ned til bjørkerota så veden varmer ei gang ekstra no ---.
Når det er so passa mykje snø så er det bjørker i litt bratte hellinger som vert fellt, lettare å verta fri snøen fra spaden da.
Til dykk som undrast på kva konsistens det er på snøen
så er det rikeleg halvmeteren med tørr nysnø, vidare eit lite parti våt snø som er noko kompakt
og resten nedover er roten snø ----.
Far Pluto måtte opp å sjå om datter Frøya gjorde noko fornuftig i dag,
kort skrive kjekke kameratar i skogen :-)
Vart eit nett passe stort lass med heim i dag.
Kvifor ikkje større lass ?
Vegen er skikkeleg laus pga all nysnø og da er min konklusjon ut fra erfaring at godt tunge lass berre lager mykje arbeid ---.
Vedlass er kappa og klar for kløyving til våren og heimturen ventar.
Takk til sol og snø for ein fin dag ute :-)
|