Grytidleg oppe,
frokost er inntatt og eg er komme til toget som har avg. fra Voss kl 05.06 kl 04.48.
Bildet under er tatt når eg skal reisa fra Bergen 2.ndre gangen denne morgonen
( me kjøre to turar voss - brg - voss på enkelte dagsverk )
--- klaga ikkje på været ---
--- så når eg kom til Vaksdal og venta på toget De ser på bildet bestemte eg meg for at
sofaen får venta til ein anna dag, finværet som me ikkje har hatt for mykje av må nytast
( ferdig jobb kl 12.50 i dag ) .
Frøya og eg er klar for turen oppover brattbakkene fra tunet,
skjemmer ho litt bort når det er fint å kjøra oppover --- :-)
Kort skrive FINT
1.02 meter med snø ved måålestaven ca 615 m.o.h i dag
Vart eit vedlass i dag også, skya over ut på ettermiddagen.
Og så måtte det verta kaffipause når eg fekk sjå sola at på turen ut av skogen med vedlasset,
bildet er tatt kl 16.11 og som de skjønner så er detr solnedgang svært snart her litt over markagarden.
Siste bildet er tatt kl 16.51
og no er lasset kappa i 60 cm kubbar og komme i haugen som skal kløyvast til våren.
Ut fra meldinger til yr og storm samt på fjernsynet så vert det ikkje slikt vær i morgo sjølv om eg har fri -----.
|