Litt om snøforholda
i vedskogen.
Er byrja å verta værsjuk i regnværet som har drive på lenge,
men når det glimtar til med litt lysare himmel heime vert det fristande å ta turen på Strondæ
for å sjå om snøforholda der oppe.
Kort skrive var eg opp torsdag sein ettermiddag og skjønna da at det var komme rikeleg med snø i skogen
( målestaven på bilde litt lenger nede viser det ).
Sleit med å komma fram alle plassar på vegen min da pga det renn vatn dei fleste plassar under snøen
og med det snudde eg på første bildet torsdag kveld.
I dag, lørdag 18, vart det ny tur for å få orden på skogsvegen min og første stopp er ved snømålestaven.
Snømengda torsdag var 97 cm og i dag 89 cm ca 615 m.o.h,
Ser ut som fin vegtrasè på bildet under,
men med mykje vatn under snøen, dvs ujamt underlag, så er det god forsikring for å sleppa å kjøra seg fast
å bruke spaden ein del, vart bra :-)
Litt lenger oppe enn snømålestaven, ca 680 m.o.h., er det noko meir snø,
1.29 meter på myra her.
Siste bildet vart tatt for å skriva mykje ---.
Jau, me finn på mykje som er "mot normalt" når me er værsjuke pga mykje regn siste tida.
Var kjekt med ei skikkeleg snøbyge
så da stoppa eg doningen for å nyta ein god kopp kaffi samt julekaker ( hadde ikkje Gjendekjeks heime ) i snøværet --
---- trøste meg med at det kurerte værsjuka rimeleg bra ---- :-) :-)
Og Frøya ?
Trur ho nyt livet ho også, i alle fall når ho får smake kaker --- :-)
|