Tur i vedskogen
på strondæ i dag.
Så vart det ein fin dag at etter alt ruskeværet og da var det kjekt å ha fri.
Dilemma ( som eg kjenner på no i kveld ) er at kroppen har heilt gløymt kva den dreiv på med sist vinter.
Sjølv om eg har drive helst roleg denne første dagen ( ut fra erfaring )
er konklusjonen klar:
Dette er hærverk på kroppen ---
--- men trøsta er at det går seg til :-) :-)
Litt bilder
og først når me ( Frøya og eg ) skal byrja på motbakken fra tunet,
kjekt å sitta på eit stykke oppover bratte dei bakkane.
Vegen min er svært bra mange plassar etter godt forarbeid
58 cm med snø ved målestaven i dag.
Her er ein av plassane som mildvær har øydelagt noko av mitt gode vegunderlag,
men lett å skjønna når det renn vatn nedover sommarsvegen i bakken her ---.
Så da vart det litt spadearbeid slik at det vart betre å komma opp samt å få jamnare veg ned at med lass
Ein stor fordel med mildvært er at snøen har smelta rundt trestamma,
slepp å måka fram rota no :-)
Årets første vedlass klar for heimkjøring
Ein av mine faste fotoplassar
men som De ser så var det lite utsikt i dag pga ei å anna snøbyge
Far Pluto vart med oppover når eg skulle opp etter lass nr 2.
Som De ser så ville ikkje datter Frøya dela på plassen ho har på teppet sitt som ho brukar når eg startar motorsaga --
--- så far Pluto vart lei seg da og rusla heim at ----- :-)
Avsluttar på heimturen med lass nr to i dag.
|