Reinsdyrjakta
byrja i dag, 20 august.
Undeteikna har i år med seg grunneigarløyve i sekken ( me får løyve når det er vår tur )
og da må eg sjølvsagt til fjells første dagen når eg har fri sjølv om værgudane ikkje var i godt humør.
Regnet kan eg klæ ute men skodda likar eg ikkje i etter eit par turar deg eg følte meg helst liten ---
har stor respekt for skodda ----.
Nokre bilder
og først utsikt mot stølen Vikset, som De ser ligg skodda tjukk over stølen.
Er komme til Tverraldskaret og skal innover her som bildet under viser
Fin veg innover her ---
--- sjølv om utsikta ikkje var den store
Som De kanhenda ser her er denne vegen oppmurt litt enkelte plassar.
Har fått fortalt at dette vegarbeidet vart gjort av Stalheim hotell da dei "pene turistane" som kom til hotellet skulle få fin veg
for hestane dei sat på når dei skulle på fjelltur :-)
Stalheim hotell opna første gang i 1885 
Her har eg møtt på reinsdyra tidlegare så da passa det med ein liten pause her sjølv om det var lite sikt
På toppen i Uraskaret --- no letta været -----
--- men det varte ikkje lenge , dette bildet er omtrent fra samme plass som bildet over .
Og når sikta vart som dette utenfor vegen --- jau, eg kapitulerte og reiste heim at for å tørke klær til neste tur ---.
|