Litt fra to turer her
og først fra mandag
da det vart snartur til hytta ved
Hanselavatnet
for å få resten av veden eg hogg i vinter inn i vedhuset før værbytet som er meldt.
Byrjar med tilbakeblikk mot stølen Veskre
Er på Hanselaleite og ser no vatnet
Kildevassrøyra ved vegen er kjekk å komma til,
betre vatn enn dette skal me leita lenge etter.
Hytta i fint vær ---
--- og det var ikkje vanskeleg å sitta ute å nyta kaffi og niste her før heimreise :-)
Etter natteøkt på jernbanen og litt sein middag
vart fristelsen stor for å reisa
til høgfjellet
for å prøva fiskestanga.
Lyt vera ærleg å skriva at det vart ikkje mykje spasering ---
-- heilt ok ein sein ettermiddag å betala bompenger for å få nyta fjellets gleder :-)
Bildet under viser utsikt mot kveldens første fiskevatn
Underteikna og ein kjekk ungdom nyt kvelden her oppe.
Etter at sluken som eg pleier få fisk på vart hekta på taumen så kom første fisken fort på land ---
jau da, må jo alltid prøva noko nytt men er ikkje alltid det nye er som reklamen fortèl ----- :-)
--- og tre kast etterpå hadde eg desse fine fiskane :-)
Litt slukkasting i vatn nr 2 også,
men stille og blankt vatn samt nordavær gjorde at her var fisken svært snill og beit ikkje --
-- men to bilder fra vatnet vart det .
Takk for turen gode ungdom !
----
|