Søndagsturen i dag gjekk via
Jakobskyrkja opp på Bjørnfjellet
for å sjå etter eit par sauer med lamb som har skilt lag med flokken i lia.
Litt bilder og byrjar når Frøya og meg er komme opp i Jakobskyrkja.
Fra innsida i kyrkja ---
--- og utsikta mot bla Oppheimsvatnet fra kyrkja er svært bra.
Er komme opp over småskogen og her er ei lita tjørn som er oppdemt for svært mange år sidan.
Har ikkje fått forklaring på kvifor enno men har følere ute i håp om få få litt info om denne tjørna som ligg ca 970 m.o.h
Utsikt mot bla Vinjo og Holbygda
Utsikt mot bla stølen Øyaset
Utsikt nordover, Svolefjell til venstre i bildet
To bilder fra høgda på Bjørnfjellet
før eg gjekk nedover at på andre sida av fjellet.
Kort skrive såg eg ikkje dei sauer eg såg etter ---
så det vert nok meir tur oppover for om mulig finne og stelle godt med dei som har skilt lag med flokken.
---
Ellers så er det for det meste når eg har vore på turer at det kjem bilder ut her,
men dagane går sin gang.
Vert nokon trimmturer oppover i lia på Strondæ for å sjå om sauene,
trøsta er nok at kroppen tar sikkert ikkje skade av desse turane ------.
Bilder nedover her i fra er litt fra forskjellige turer i lia
og bildet under er fra badehølen min.
Frøya meiner at eg skal bade også ---
eg vil nok venta til det har vore sol og sommarvarme ei stund ------ :-)
Jau, saueflokken til junior ( eg er dreng ) har det godt ----
--- og smiler til fotografen gjere dei av og til også .
---
Ellers så er som oftast kaffikanna og Gjendekjeksa med.
Avsluttar med Frøya --- trur ho er einig når eg skriv at ho lika seg når me er på tur :-)
|