So endeleg rakk tida til tur ut i
Hanseladalen
for å lø opp veden eg hogg i vinter.
Kort skrive fin tur fra fredag til lørdag sjølv om regnbygene kom helst tett
og som De ser på siste bildet så fekk eg gjort arbeidet mitt også :-)
Byrja på Veskre, den gamle buførevegen er fin å gå utover.
Som De ser på navneskiltet innlimt så er dette Svinakleivæ, ikkje vanskeleg å komma opp.
Tilbakeblikk mot stølen Veskre
Hanselavatnet
Da er me ( Frøya og eg ) komme til hytta.
Hytta andre vegen
Etter mat vart vedarbeidet byrja --
men så kom sola fram og da måtte det verta kveldstur sjølv om klokka var nesten 21 når dette bildet er tatt
Byrjar med to blomsterbilder fra turen --- vert molter i år også ser det ut som.
Desse blomane er mykje høgare oppe men fine er dei.
Frøya i kveldssol
Navnet på denne steinen fortel at her la dei at bakselen til hesten når dei på vinterdagen kjørte med hest
ut på stølen for å henta høy som dei skulle ha heim at på garden,
Dei måtte ha på at bakselen på heimveg her.
Utsikt ut mot Tinden der turen gjekk denne kvelden
Så er det Brøpitlo da.
Har nok skrive det mange ganger før
men eg vert like fasinert over den gode gamle historien kvar gong eg går her.
Jau, Gygrè ( som mange plassar vert kalla huldre ) mista brødleiven sin fra
toppen av Veskrehorgi ( oppe til venstre i bildet ) og ned i denne groa ( vesle elva ).
Gygrè steig så fra toppen og ned her for å pitla ( plukka ) brødet opp att -----.
Hermannsnuten
fra ein anna vinkel enn me ser den fra mange plassar i bygda.
Denne er nominert som eit av navneforslaga til kabinane til nye gondolbanen på Voss.
Da er me komme ut til varden på Tinden.
Dette er ein av toppane som har fått endra høgde over havet mykje fra gamle kart til dagens nye kart.
Før ( når eg var mykje yngre enn no og pugga høgde på fjelltoppane der eg var )
var den 911 m.o.h , no er den vorte 981 m.o.h.
Klokka er no ca 21.50
Utsikt mot nord-øst , Grønlivatnet nede omtrent midt i bildet
Utsikt mot sør /sør-øst, Kinsarvik ligg nede under skodda litt til høgre for midten i bildet
Utsikt mot sør-vest til Kistenuten og Grim som har fellesnavnet Herdabreida
Utsikt mot nord /nord-vest , Veskrehorgi til høgre bak i bildet.
Tilbaketuren til hytta gjekk fint men måtte passa meg litt på dei våte skarvknausane
Vel nede ved hytta vart det vindstille
og da måtte kvelden på denne lengste dagen i 2019 nytast ute.
Klokka er ca 23.30 når dette bildet er tatt
Avsluttar med bilde av vedlaet,
gjøremålet for turen var å få veden på plass og det klarte eg med god margin når det gjeld avmålt til for turen :-)
Takk for oss --- håpa det ikkje vert lenge til neste tur :-)
|