Årets ferietur til varmen på
Platanias Kreta
er vel gjennomført.
Kort skrive ei fin veke på samme plass som tidlegare,
var gang nr 8 me var her no, og da skjønne De at me trivest svært godt her.
Litt kjølig dei to første dagane ( berre 20 - 21 grader på balkongen når me åt frokost på morgonen ) og vindfullt.
Men etter det vart det slik varme som me ynskjer --
-- og sola skein fra omtrent skyfri himmel heile tida ( såg nokre skyer dei to første dagane ).
Litt bilder fra turen
og byrjar med gata på Platanias tatt ved hotellet vårt.
Som vanleg, kort veg på stranda ( som er like bak den røde bilen omtrent midt i bildet ),
me ligg på hotell Erato som er nedover til venstre her.
Og som alle gangenen tidlegare ( vart slik første gang me var her da me ikkje visste kven som eigde kva på stranda )
leige me solsenger på Alkionides som er nabohotellet
To bilder på stranda, først mot vest ----
--- og så mot øst.
Lønsj vert inntatt på Alkionides kvar dag også.
Ei kjekk familiebedrift der me er vorte kjent med familiemedlemmene --
-- og maten er SVÆRT god.
Datter og svigerson i familien ---
--- og ein fin skapning om held til i nabolaget :-)
Som skrive på toppen av sida her var det noko vindfullt dei to første dagane og ettermiddagen var verst.
Vil tru De skjønne det når bildet under er prøve på å ta bilde av sandstorm ----.
Bading i havet høyrer med.
Før første badetur var eg ned og vart våt på beina --- var kaldt --
-- men er kun ein måte å komma ut i da --- skunda seg :-)
Ikkje så verst -----
--- men når havet vart som på bildet under siste dagane var alt mykje betre ----
--- fin havtemp på ettermiddagen ----
--- og med det fint å liggja i havet og flyta på flesket :-)
Aktiviteter ute på havet i år også ---- var fint å sjå på synest eg da ----.
----
Middag om kvelden er viktig.
Kort skrive er det god mat og god service alle plassar,
har plukka ut nokre bilder fra nokre av plassane me åt middag.
---
Denne guten må me eta middag hjå kvart år.
Her skal me opp på restauranten midt i fjellsida for å nyte solnedgangen saman med middagen
Fin utsikt, først mot Agia Marina som ligg øst for Platanias ( heng saman desse byane ) ----
Utsikt over Platanias
Ikkje verst å eta middag når det er slik.
Kveld på Platanias
Nytt i år var middag på ein restaurant ved sandstranda ---
----- Jau, me får rikeleg med mat på tallerken alle plassar samt godt i det vesle glaset fleire ganger ---
her var det over alle grenser med mat og ikkje mangel på påfyll i det vesle glaset -----.
Fint å setta seg ned og sjå på folket når me spaserer langs gata på kveldane
og på denne plassen var det musikk med samme guten i år som i fjor. 
Tilbake til stranda og servitøren som kjem med kl 16.30 tradisjonen vår,
tradisjoner er viktig ---- :-)
Avsluttar med utsikt fra Alkionides restauranten ( lønsj plassen vår ) ,
Takk for oss --- me kjem nok attende !
|