Påsken 2019.
Etter skituren 16.04 ( tirsdag i påskeveka ) vart det ein ettermiddagstur på Vikafjellet
og ein litt lenger dag opp der for kåno, eldste datter, meg og Frøya for å nyte sola.
Og så vart det arbeidshelg for underteikna som vart avvikla i Flåm / Flåmsbanen.
Noko bilder
og byrjar med nokre bilder fra våre to turar på Vikafjellet
der kåno og datter fekk seg fin solplass og Frøya og meg fekk eit par fine skiturer.
Litt vind på denne ettermiddagsturen , var ikkje så varmt å fint som den blå himmelen ser ut som ---.
Liten skitur på vestsida av vegen vart det for å lufte Frøya.
---
---
Ny dag og denne dagen var det svært varmt og fint,
liten trekk her som plassen til kåno og eldste datter vart laga
og leskjermen som høyrer til Sniglehuset passa fint her også
Skitur for å lufte Frøya denne dagen også på østsida av vegen.
Når skiføret er som De ser på bildet under er det IKKJE mulig å klage,
kort skrive svært bra skiføre..
---
---
Gjendekjeks pause før me snudde ned at til dei andre
Langfredag og friøkta mi var overstått, no venta 4 dagar på Flåmsbanen.
For å føla at eg hadde litt påskeferie fortsatt vart det til at eg tok med meg Sniglehuset og Frøya til Flåm.
Kort skrive hadde me fine dagar og Frøya hadde heilt rolege stunder i Sniglehuset
når eg kjørte opp og ned Flåmsdalen på føremiddagane.
Lufteturar rundt omkring i Flåm og nokre bilder
---
---
Trefte på denne eine dagen som nett hadde vorte mor til to små
Påskeaftan vart det martin si viltgryte til lok og kond pers som feira denne aftan i Flåm,
jau, dei overlevde så da tur eg at det var vellukka ----..
Litt bilder fra ein føremiddag oppover Flåmsdalen
og byrjar i lia over Håreina holdeplass.
Trur De ser pollenskya på bildet ---
trur IKKJE skogstur her hadde vore rette plass for dei som slit med allergi denne dagen ----.
Gardane Flåm
Rjoandefossen var fin i føremiddagssola
Me ventar på nedovertog på Berekvam stasjon
Melhus
Kårdal
Utsikt over Reinunga
Er komme til Myrdal med siste oppovertoget på denne økta,
i teori skal eg ikkje ned at til Flåm før til høsten no.
|