Ut på skitur i dag også.
Ein god kollega, Frøya og meg fekk ein fin skitur fra
fylkesgrensa på Vikafjellet via Dueskardet, Reppaskaret
og ned at til Helgatun i Myrkdalen.
Er nokon år sidan eg har gått denne turen
men sjølv beskriv eg dette som skituren med STOR STJERNE i margen.
Som De vil sjå på bilder var det noko skyer i dag,
men så lenge det var så godt som heilt stille vindmessig så får turen karakteren svært fin i dag også
Ein del bilder ( 25 dersom eg har talt rett ) og første bilde er kort tid etter at me har gått fra bilen ved grensa på Vikafjellet,
to kjekke turkamerater dette.
Skareføre innover, dvs eit gnistrande føre som vart litt mjuka opp av sola utover dagen i solhellingane
Utsikt retning Dueskardet omtrent midt i bildet langt bak.
Me skal innover til høgre like før Solheimsfjellet som er fjellet lengst bak i bildet når me kjem så langt.
To fjellryper oppå ein høg snøskavl som nyt vårværet
Me er komme til Buførevatnet
Etter Buførevatnet fekk me den brattaste motbakken i dag,
men spreke ungdommer ( ?? ) synest dette var heilt fint på det lette føret i dag :-)
Tilbakeblikk over Buførevatnet
På Grungahøgdene
( meinar eg har høyrt det navnet på høgda her )
og utsikt til televerkshytta og Fossfjellet bak i bildet
No går turen vår sørover på Grungahøgdene mot stølen Store Grungen,
Bjørndalskamben høgste toppen bak i bildet
Tilbakeblikk på Grungahøgdene,
Svartavatnet nede til høgre og televerkshytta litt til venstre for midten i bildet
Stølen Store Grungen, sela ( stølshusa ) midt i bildet.
Her i Store Grungen vart nistepausen vår.
Utsikta vår fra nisteplassen, lønsjplassen er sikkert eit finare ord for det---.
Me fortset turen framover omtrent midt i bildet.
Utsikt østover i Dueskardet
Dei tre sela ( stølshusa ) i Dueskardet.
Lyt vera ærleg her å skriva at det var kjekt
å sjå bildet korleis sola markerte vannkanten her på bildet.
Turen vår går no sørover mot Flisramstjørni.
Fint her inne.
Tilbakeblikk mot Dueskardet
Ved Flisramstjørni
Så er Frøya så godt som ferdig med alle motbakker på turen vår,
her like før topp punktet i Reppaskaret ----
--- og når eg snur meg ca 180 grader og ser tilbake mot Flisramstjørni så er min gode kollega
snart ferdig med alle motbakkane på turen vår også --- :-)
Kort skrive går denne turen i fint og lett variert høgfjellsterreng.
I Reppaskaret.
Her var ein fin plass å nyta siste kaffikopp saman med niste og anna godt,
jau, Gjendekjeks og sjokolade er ikkje feil --.
Som De ser på bildet så var Frøya og min kollega svært gode venner -----
--- og når utsikta var som dette nedover mot bla stølen Reppane
vart me sittande lenge på den fine plassen som bildet over viser:-)
På nedoverturen mot stølen Reppane treffte me på denne fjellrypa,
fekk bilde av denne før ho letta og tok med seg ei rype i ein anna lynghaug som me ikkje såg.
Kvifor eg er sikker på at det er fjellrype ?
Skarringa ( songen ) til denne er det ikkje nokon andre i fjellheimen som kan etterligna ----.
Avsluttar med bilde av stølen Reppane,
kort skrive var det eit fint renne ned til stølane her fra høgda lengst bak til venstre i bildet.
Gode kollega:
TAKK FOR TUREN,
vert nok nye turer på oss når fritida vår passer saman :-)
|