Fint vær og med det skitur opp på
Såta
på Vossestrand.
Når været er som dette så er det heilt ok å komma seg ut fra sofakroken ---.
Er komme over vedskogen eg driv i --
helst lite snø oppover Svortebotn i år men ikkje vanskeleg å gå på ski mellom småbjørka.
Og som De sikkert skjønner på føttene til Frøya så er det ikkje mykje løs snø å gå i,
er gnistrande skareføre på føremidagen som vert litt mjukt utover dagen.
Så kom me over dette sporet,
´litt vanskeleg å sei kor mange døger gammal det er men er nok etter at sola har stått på lenge
at spora er komme.
Og ser De oppover i bakken her så er det absolutt ikkje flatt her som dyret har komme ned,
dvs rasfare er er ikkje ----.
Kven som har laga spora,
jau er nok skogens konge ( elgen ) som har spasert her :-)
Komme til hytta i Fribotn --
-- eit bilde til ved hytta --
--- og utsikt fra hytta når niste og kaffi vert inntatt :-)
Fint å gå oppover her mot toppen på Såta
Utsikt ned mot øverste del av skiheisane i Myrkdalen.
Toppen av Såta omtrent midt i bildet
Varden på Såta, 1102 m.o.h.
Avsluttar med fire utsiktbilder,
først mot øst og fjella på østsida av Oppheimsdalen, litt av stølen Turtene nede til høgre
Utsikt mot Oppheimsvatnet i sør
Utsikt mot sør-vest med bla. Lønahorgi, Lønavatnet, Lundarvatnet og Gråsida.
Og til dykk som er godt kjent så ser de Hermansnuten litt til venstre bak i bildet
Siste bildet er mot nord med Bjørndalskamben, 1402 m.o.,h bak i bildet.
|