Tur i vedskogen
at i dag etter noko pause der
men først eit jubileum for underteikna.
Før helga no,
under årsmøtet til lokpers. forening i vest, var det ei spesiell hending.
Jau -- fekk tildelt nåla for 40 år i LO
og da er det vel berre å konstatere at eg har fått bevis på at alderen er komme ----.
Så til dagens tur i skogen.
Kort skrive har snøen sige saman, litt over 50 cm ved målestaven no,
MEN
den er vorte blaut heilt til botnen.
Gjekk fint å kjøra etter skogsvegen min uten lass
men kort skrive så vart motorsaga brukt noko nærmare unnabakken enn tidlegare i vinter for å spara meg
store utfordringar i den blaute snøen med lass ---.
Lasset vart tungt nok i dag også ---.
Utsikta under dagens nistepause var heilt ok :-)
Gjekk svært bra over den delen av myra eg måtte med lasset mitt
men konklusjonen er klar:
Vert det ikkje meir frost og meir snø
så er det ikkje mykje meir ved som vert kjørt heim fra skogen denne sesongen --.
|